NRK Meny

Trafikkuhell i Molde

Klokka 23.48 tysdag kveld skjedde det eit trafikkuhell ved fv. 662/668 i Molde. Eit einsleg køyretøy køyrde av vegen, det var berre ein person i bilen. Personen blei køyrt til Molde sjukehus med lettare skader. Det er mistanke om køyring i rusa tilstand, og førekortet vart difor beslaglagt medan forholdet etterforskast.