Hopp til innhold

Trafikkuhell i Malmefjorden

Fv 64 nord for Molde er no stengd ved Malmefjorden, melder Statens vegvesen. For litt sidan melde politiet at to bilar hadde kollidert på strekninga. Naudetatane er ikkje kome fram til staden, men ifølgje 110-sentralen er det snakk om ein påkøyrsel bakfrå, ingen skal vere fastklemde eller alvorleg skadde.