Hopp til innhold

Trafikkuhell i Malmefjorden

  • Vegen opna i Malmefjorden

    Det var tre personar som var involvert i eit trafikkuhell i Malmefjorden. Ulukka skjedde då ein bil køyrde i ein anna bakfrå. Det er så langt ikkje snakk om personskadar, men personane er sendt til sjukehus for sjekk. Det har vore bilberging og rydding på staden, og vegen er igjen open.

  • Trafikkuhell i Malmefjorden

    Fv 64 nord for Molde er no stengd ved Malmefjorden, melder Statens vegvesen. For litt sidan melde politiet at to bilar hadde kollidert på strekninga. Naudetatane er ikkje kome fram til staden, men ifølgje 110-sentralen er det snakk om ein påkøyrsel bakfrå, ingen skal vere fastklemde eller alvorleg skadde.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL