Trafikkuhell i Herøy
Det har skjedd eit trafikkuhell mellom to bilar ved Eggesbønes i Herøy. Det er ikkje meldt om personskade, men materielle skader på begge bilane, opplyser politiet. Den eine bilen står i køyrebana, men det skal vere mogeleg å passere.