Vel 1,4 millionar køyretøy har passert gjennom tunnelen, og dette er ein trafikkauke på 2,3 prosent frå året før.
I 1991, det første heile trafikkåret for Tustentunnelen, køyrde nesten 943 000 køyretøy gjennom tunnelen.
Auken frå opninga og fram til i dag er dermed på 49 prosent.
I 2003 var snittrafikken per døgn 3 856 køyretøy.
Selskapet ventar eit driftsresultat på omlag ni millionar kroner, og dette skal gå til nedbetaling av gjeld.
Ifølgje dagleg leiar Dagfinn Kleppe skal tunnelen vere betalingsfri i løpet av fem-seks år.