NRK Meny
Normal

No skal trafikkaoset på Hellebroa ta slutt

Trafikklys kan vere løysinga, trur Statens vegvesen

Hellebroa

Statens vegvesen foreslår lysregulering her.

Foto: Janne Brit Aasen / NRK

Tiltak Hellebroa

Ordførar Bjørn Tømmerdal og Ole Jan Tønnesen i Statens vegvesen har i dag diskutert korleis trafikkaoset på Hellebroa skal bli løyst.

Foto: Janne Brit Aasen / NRK

Det er reine skjære trafikkaoset i Ålesund sentrum. Næringslivet fortvilar over at viktig last blir ståande fast i trafikken over Hellebroa, medan tusenvis av cruiseturistar går fram og tilbake over vegen for å oppleve byen. Tilsette som skal på arbeid kjem seg ikkje fram tidsnok. I dag var det krisemøte med blant anna kommune, Statens vegvesen, næringslivet og reiselivet for å finne ei løysing.

Lysregulering

Statens vegvesen seier at det ikkje finst ei enkel og snarleg løysing på problemet. Det viktigaste grepet dei kjem opp med er lysregulering i rundkøyringa på Hellebrua.

– Vi bør også fjerne gangfeltet midt på brua og regulere gangtrafikken i sentrum, seier Ole Jan Tønnesen.

Han er seksjonssjef i Statens vegvesen og ser for seg at desse hastetiltaka kjem på plass før sommaren 2014.

LES OGSÅ:

Turistane skal bli samla

Turistane skal bli samla i puljer på eit breiare gangfelt, slik at ikkje ein og ein går ut i vegen og stoppar trafikken. Tønnesen meiner at cruiseturistane bør førast frå skipa og inn til byen på andre ruter enn i dag. Ordførar Bjørn Tømmerdal seier at forventningane no er store.

– Det har vore ei myldresoneder folk går fram og tilbake nærast på måfå. No må vi stramme opp trafikkbiletet og gjere det ryddigare, seier Tømmerdal.

Han forventar at strakstiltaka kjem på plass fort. Det er sett ned ei arbeidsgruppe som skal skaffe pengar til tiltaka.

Næringslivsaktørar som er lei av trafikkork vil legge pengar på bordet til bygging av ein tunnel under Brosundet i Ålesund. Mange flaskehalsar skaper store problem for trafikkavviklinga i byen. Ein privatfinansiert tunnel kan verte ei av løysingane.

Næringslivaktørar er så lei av kaoset at dei vil legge pengar på bordet for å bygge tunnel under Brosundet i Ålesund.