Hopp til innhold

Trafikkork i Molde

Lange køar på ferjekaia når jazzpublikummet skal heim.

Kø i Molde

Køen på Molde ferjekai laurdag ettermiddag.

Foto: Frode Berg / NRK

Oppstillingsplassen på kaia har til tider vore så full at køen har stått på vegen til og frå ferjeleiet.

15 minutt etter ferja som gjekk frå Molde rett før 15.30 var oppstillingsplasse fyllt opp att.

Bilar har venta opp til to timar i ettermiddag.

Ferjene går for fullt

Administrerande direktør Anker Grøvdal i Fjord 1 MRF seier at den store trafikken gjer at det er vanskelege avviklingsforhold no.

- Dei to ferjene på Romsdalsfjorden går for fullt, seier han.

Det er ferjene MF Tresfjord og MF Romsdal som går i sambandet laurdag ettermiddag.

Les også: Køkaos på Vestnes

- Dyrt for arbeidsgjevar

Stein Meyer

Sjåfør Stein Meyer var ein av dei som stod i køen laurdag.

Foto: Frode Berg / NRK

Stein Meyer frå Skodje hadde stått i køen i ein time då NRK snakka med han i ettermiddag. Han var overraska over at det var så fullt då han kom fram.

- Dette betyr at eg kjem seinar heim og at arbeidsgjevaren min må betale meir, seier han.

Manglar mannskap

På kvardagane går det tre ferjer i sambandet mellom Molde og Vestnes. Anker Grøvdal seier at dei har prøvd å få det til slik at alle ferjene skulle gått no i helga.

- Vi har prøvd i heile helga å få tak i folk til å drifte også den tredje ferja, men det har vist seg å vere umogleg, seier han.

Venta lenge fredag

Etter konserten med Leonard Cohen fredag var det også mange som måtte vente lenge på ferja.

- Eg forstår at det kan vere frustrerande å sjå at det ligg ei ferje ved kai nokre hundre meter lenger borte, men dette er fordi vi har strenge reglar for kviletid å forhalde oss til, seier Grøvdal.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL