Trafikken i Møre og Romsdal aukar

Det er auke i trafikken i store delar av fylket. Industriklynga på Søre Sunnmøre står for mykje av auken.

Kø Eiksundsambandet

Eiksundssambandet er ein av stadane som har auke i trafikken. Årsaka kan vere stor aktivitet i den maritime industrien på Søre Sunnmøre.

Foto: Silje Steinnes Bjerknes / NRK

Statens vegvesen har oversikt over trafikken på alle riks og fylkesvegar. Den gjennomsnittlege auken i trafikken på landsbasis var i fjor på 1,7 prosent. I Møre og Romsdal var det ein generell auke på 2,9 prosent frå året før.

Industrien gir trafikk

Gjennom Eiksundtunnelen køyrde det 389 fleire køyretøy i døgnet i 2014 enn året før.

– Vi meiner at det er aktiviteten i industriklynga på Søre Sunnmøre som genererer mykje av trafikkveksten på den sørlege delen av E39, seier avdelingsdirektør Knut Nauste i Statens vegvesen Møre og Romsdal.

I oktober 2012 opna Kvivsvegen mellom Austefjord i Volda og Hornindal i Sogn og Fjordane. Heilt sidan opninga har trafikktala vore store. Frå 2013 til 2014 var auken på heile 19 prosent. Også i Volda sentrum og på Hovden ser ein same auke.

LES OGSÅ:

La ned bomstasjon

På Nordmøre auka trafikken på Aspøya med heile 19 prosent i 2013. Auken heldt fram også i 2014 med seks prosent. Årsaka til at fleire bilar køyrer her er truleg at bomstasjonen på Krifast vart lagt ned. Også på ferjesambandet Halsa-Kanestraum og Vinjeøra er det auke i trafikken.

LES OGSÅ:

Mindre trafikk i Molde

Medan det i Ålesundsområde er auke i trafikken rundt Moa, i Brusdalen og i Ålesundstunnelane, er auken i trafikk ikkje like stor i Molde. Grunnen er at det finst alternative ruter inn til byen. I Kristiansund er det mest trafikk på Atlanten, der 19 000 køyretøy i døgnet passerer.

Siste video/lyd

Han likar å halde på heime i garasjen. Tidlegare har han bygd ein kopi av Pelle Politibil, og i februar i år sette han i gang eit nytt prosjekt som han no er i ferd med å avslutte.
Avisene bur seg på nok ei helg der folk ikkje får avisa si.
Tidens Krav i Kristiansund set inn ekstratiltak for å kunne å nå ut til alle med laurdagsavisa.
Arbeidsledigheten blant ingeniørene mer en doblet i Møre og Romsdal på ett år.