Trafikken går som normalt

Trafikkaoset i Solnørdalen har løyst seg opp etter at europavegen gjennom Sjøholt opna igjen. Vegen var stengt på grunn av brann. Fordi mange ikkje stoppa på møteplassane på den smale omkøyringsvegen blei det stans i trafikken gjennom Solnørdalen.