NRK Meny
Normal

Trafikken flatar ut på Søre

Trafikken gjennom Eiksundtunnelen og via Kvivsvegen flatar ut, men det er likevel ein auke frå 2015 til 2016. Det viser ferske tal frå Vegvesenet.

Eiksundtunnelen

Trafikken gjennom Eiksundtunnelen aukar framleis, men ikkje så mykje som før.

Foto: Arne Flatin / NRK

Ordførar i Volda, Jørgen Amdam, trur ein liten nedgang i fritidstrafikken er medverkande til at Kvivsvegen har ei utflating, men han er sikker på at trafikken tek seg opp att så snart vegane sørover via Stryn og Utvikfjellet vert utbetra.

Når det gjeld Eiksund trur Amdam at situasjonen i arbeidsmarknaden, særleg på Ytre Søre Sunnmøre er viktig for korleis tala vil utvikle seg. Han er uansett sikker på at det vert auke også i framtida.

Nesten 3000 bilar i døgnet

Gjennom Eiksundtunnelen er det no 2944 bilar kvart døgn. Det er ein vekst frå året før på 120 bilar i døgnet. Veksten er dermed ikkje like stor som den har vore åra før.

Gjennom Kviven er det 1581 bilar i gjennomsnitt kvart døgn, mot 1476 året før. Også der er det vekst, men heller ikkje der så sterk som før.

Kvivsvegen

Trafikken via Kviven flatar ut, men Jørgen Amdam trur auken kjem sterkare så snart det er gjort utbetringar på vegstrekningar lenger sør.

Foto: Arne Flatin / NRK

Amdam kan også konstatere at det er ein sterk auke i lokaltrafikken mellom Ørsta og Volda på tre prosent. Han seier at det er mange som arbeidspendlar mellom

Jørgen Amdam

Jørgen Amdam er ordførar i Volda.

Foto: Arne Flatin / NRK

nabokommunane, og at arbeidsmarknaden smeltar saman meir og meir.

Tala som NRK har fått frå Torbjørn Gjendem i plan og trafikkseksjonen i Statens vegvesen i Møre og Romsdal viser vidare at trafikken gjennom Hareidsdalen mellom Ulstein og Hareid er stabil.

For Myrvåg, Frøystad og Berge i Herøy har det vore ein generell auke i trafikken dei siste åra. For 2016 viser tala ein relativt sterk auke det siste året med 153 køyretøy pr. døgn, medan Frøystad står heilt stille og Berge aukar med 100 køyretøy. I følge Gjendem betyr dette at trafikken til Fosnavåg ikkje aukar, medan lokaltrafikken aukar.

Liten auke i Romsdalen

Gjendem har også henta ut tal for Romsdalen, der går trafikken opp som normalt med rundt 50 køyretøy i døgnet i 2016. Ved Innfjordtunnelen vidare frå Åndalsnes er det ein svak nedgang i 2016.

På Atlanterhavsvegen har trafikken gått litt ned frå 2015 til 2016. I Atlanterhavstunnelen var det også ein mindre auke i 2016 enn det har vore tidlegare år. Her er det nesten ingen auke det siste året, seier Gjendem.