Hopp til innhold

Traff blink utanfor Kristiansund

Feltet "Pil og bue" kan innehalde så mykje som 50 millionar fat olje.

oljefelt

Oljefeltet vart funne sør for Njord og Draugen.

Foto: Kristiansund kommune

Oljefunnet vart gjort vest for Kristiansund i prospektet "Pil og bue" på sørlege Haltenbanken. Den tyske operatøren VNG har funne opp mot 50 millionar fat olje.

– Funnet har enorm betyding for oljebyen Kristiansund, seier Helge Hegerberg som er oljerådgjevar i Kristiansund kommune.

Helge Hegerberg

Helge Hegerberg, rågjevar innan olje og energi i Kristiansund kommune, jublar over nytt oljefunn.

Foto: Bjørn A. Hansen

I fjor vart feltet Snilehorn oppdaga med 100 millionar fat. Sjølv om Pil og bue er knappe halvparten av storleiken, er funnet likevel svært viktig, seier Hegerberg.

– Det er ikkje på storleik med oljefelt som Statfjord eller Ekofisk, men det er eit stort felt i vår målestokk. Det er dessutan av veldig stor betyding reint strategisk, sett, seier han.

Fram til 2030

Det er totalen av alle oljefunn i området som er viktig, forklarer oljerådgjevaren. Njord-plattforma i området vart tidlegare stengt ned på grunn av tryggingsspørsmål, men Hegerberg trur det nye funnet vil skape nye moglegheiter for Njord-feltet.

– Det er snakk om 150 millionar fat som kan byggjast ut over Njord-plattforma om ein får på plass ei ny teknisk løysing for ho. Det kan gi ein god produksjon med ei levetid fram til 2030.

Rask utbygging

Hegerberg har trua på ei rask utbygging av feltet.

– Det dreier seg om forholdsvis ukomplisert teknologi på grunt vatn. Det er også felt rundt som kan bli knytt til "Pil og bue." Det vil seie at feltet byggjast ut kostnadseffektivt med enkle midlar, seier han og peikar på tidlegare oljefunn utanfor Midt-Noreg.

– Når det er snakk om olje er det også snakk om store verdiar, så då er sjølvsagt næringslivet veldig interessert i å få det i gong, legg han til.