Hopp til innhold

– Produksjon av aluminium i Noreg er viktig for den globale miljørekneskapen

Tove-Lise Torve helsar på partikollegaer og politiske motstandarar der ho går gjennom Stortingsrestauranten. Ein dresskledd mann frå Nordfjord, med gjestelapp på jakkeslaget, vil gjerne snakke med henne. Tove Lise Torve har vore på Stortinget i fire år. No vil ho gjerne ha fire nye år, i dette maktsenteret i Noreg.

Tove Lise Torve

Tove-Lise Torve tek i mot på Stortinget. Her er det hardt arbeid for store og små saker, seier ho.

Foto: Terje Reite / NRK

Mannen med dressen hoppar fort fram frå plassen sin ved bordet. Eg må berre helse på deg, seier han til Torve. Det er tydeleg han har ei sak han vil snakke varmt for overfor politikarar han møter.

Eg såg skredet kome mot meg. Trykket var så hardt at det tok pusten frå meg.

Tove-Lise Torve

– Som stortingspolitikar blir eg kontakta av mange. Det er enkeltmenneskje, organisasjonar og bedrifter. Ofte er det enkeltpersonar som opplever at dei må kjempe mot rigide regelverk, fortel ho i det vi set oss ned i det inste, rolege hjørnet i Stortingsrestauranten.

Tove Lise Torve

Tove-Lise Torve var ordførar i Sunndal då ho blei vald inn på Stortinget ved førre stortingsval.

Foto: Trond Vestre / NRK

Det er lunchtid og eit yrande liv. Her er både dei kjende og dei mindre kjende politikarane. Her går det journalistar av mange slag, ikkje berre frå dei politiske redaksjonane.

– For lite i media

Tove Lise Torved meiner sjølv at ho ikkje har vore så mykje i media dei åra ho har vore på Stortinget. Ho forklarar det litt med at Arbeidarpartiet har mange medlemer i kvar komité og at det oftast er leiarane som frontar sakene i media. Og så er det ikkje alltid ho tykkjer det er like naturleg å ta initiativet til

Velferden vår byggjer i stor grad på at vi har lagt til rette for at kvinnene er ute i inntektsgjevande arbeid.

Tove-Lise Torve

– Eg må nok bli flinkare til dette. Eg har eit ekte engasjement i å arbeide politisk for folket, men akkurat dette med å gå offensivt ut for å få medieoppslag har vore litt ubehageleg, medgir ho.

Tove-Lise Torve

Tove-Lise Torve klatrar opp fjellsida til Flaggnuten i Sunndal. Ho likar seg godt ute i naturen.

Foto: Privat

– Valkampen blir spennande

Tove Lise Torve står på tredjeplass på lista til Arbeidarpartiet i Møre og Romsdal. I inneverande periode har Arbeidarpartiet 3 mandat frå Møre og Romsdal. Men i meiningsmålingane har det svinga litt. Av og til har plassen sett rimeleg trygg ut, andre tider har meiningsmålingane «sendt henne ut» av Mørebenken.

– Det er ein spennande valkamp. Og eg skal stå på. Her blir det hardt arbeid for store og små saker. Akkurat som då eg var kommunepolitikar skal eg stå på og snakke med «vanlege folk».

– Vil bevare nærpolitiet

Tove Lise Torve har eit breitt engasjement. Ho er utdanna sjukepleiar, og det var under utdanninga til dette yrket at det politiske engasjementet skaut fart. Ho hamna ikkje i helse- og omsorgskomiteen, men i justiskomiteen.

– Eg har eit brennande ønskje om å bevare nærpolitiet. Eg ønskjer ikkje samanslåing av lensmannskontor og mykje færre politidistrikt, seier ho.

– Men det har no vore ei rekkje samanslåingar, også i den raudgrøne regjeringa si tid?

– Det har vore frivillige samanslåingar, som i Ørsta og Volda. Der var lokale ønskje avgjerande.

– Men med samanslåing kan du frigjere midlar som går til husleige og administrasjon, og få meir politi i operativ teneste?

– Nei, det er nok ikkje slik dette fungerer. Det er viktig for den lokale tryggleiken å behalde den lokale lensmannen. Og vi snakkar om felles driftseiningar, slik at pengane skal ikkje gå vekk i administrasjon, seier Tove Lise Torve, og påpeikar at Møre og Romsdal, med øyar, fjordar og fjell har spesielt stort behov for at lensmannskontora blir oppretthaldne.

– Vi har satsa meir på politiet

Ho avviser at auken i budsjetta til politiet er blitt spist opp av løns- og kostnadsauke. Ho meiner at den raudgrøne regjeringa har vist at dei satsar på meir politi.

– Det HAR vore ein auke i satsinga på denne sektoren. Og det HAR blitt fleire stillingar, også i Møre og Romsdal. Men nokon vil heile tida seie at satsinga er for liten. Det gjeld for dei fleste sektorane. Og så er det også slik at alle etatar må justere verksemda si etter korleis samfunnet utviklar seg. Slik er det også i politiet, seier ho på spørsmål om politiet er rusta til å møte ein meir brutalisert og internasjonalisert kriminalitet.

Tove-Lise Torve

Det er ganske luftig på kanten av Hovsnebba i Sunndal.

Foto: Privat

– Tek beredskapen meir på alvor no

Gjennom arbeidet i justiskomiteen fekk ho også på nært hald vere med i prosessen då beredskapsnivået i Noreg blei sett under lupa, etter 22. juli-terroren.

– Det er for tidleg å seie kor mykje vi har betra beredskapen. Alt skjer ikkje over natta. Men eg meiner at beredskapsspørsmål blir tekne meir på alvor av alle partar. Budsjettrammene for øvingar er auka. Og vi ser at naudetatane, med forsvaret, politiet og helsevesenet arbeider stadig betre saman.

– Vi berga HV11

Tove Lise Torve meiner ho var med på å sikre ein viktig siger for beredkspen i Møre og Romsdal, då Heimevernet på Setnesmoen i Rauma blei berga.

– Å ha eit lokalt stasjonært HV11 er viktig for beredkspen i Møre og Romsdal. Vi var veldig redde for at det lokale Heimevernet skulle bli lagt ned. Men vi klarte å berge det, seier ho, og uttrykkjer at ho er stolt over å ha vore med på dette som ho kallar ein viktig lokal siger.

– God kontakt med heimfylket

Justiskomiteen blir oftast ikkje rekna som den komiteen i Stortinget som har dei fleste lokale sakene. Samferdslekomiteen er ofte ein komite der politikarane kan markere seg på lokale kamp-prosjekt. Likevel meiner Torve at ho har halde god kontakt med det lokale miljøet.

– Eg har eit breitt engasjement, og har ikkje berre arbeidd med justispolitiske saker. Og eg er i Møre og Romsdal så ofte som råd, seier ho.

– Reiser ofte heim

Heime på Sunndalsøra har Tove Lise Torve både mann og to barn. Begge barna er gutar. Den eine er ferdig med vidaregåande utdanning, og den andre går framleis på vidaregåande.

Ho har budd i Oslo, medan familien bur i Sunndal, i fire år. No vil ho bu i Oslo i fire år til. Ho medgir at ho saknar å ikkje kunne vere saman med familien kvar dag. Saknet er rett og slett tøft.

– Hyppige heimreimreiser er nøkkelen til å kunne klare dette. Når eg er i Oslo arbeider eg heile tida. Og eg tek som regel ikkje med stortingsdokument når eg reiser heim. Det er ikkje til å kome frå at det er høg skilsmisseprosent blant stortingspolitikarar. Det er viktig å vere merksam på dette, og å dyrke familielivet når du er heime, seier ho.

– Vi har felles glede i naturen

Ho og mannen har ein felles lidenskap i naturen, med turar i skog og fjell. Av og til er det god å berre spenne på seg skiene og kome seg ut i naturen straks ho er heime ein fredagskveld.

– Vi er privilegerte som bur i ein slik flott natur. Og eg og mannen opplever ei felles glede over denne naturen. Vi kan ta store toppturar, og av og til er det nok med ein tur i nærmiljøet, seier ho og nemner Flaggnuten som ein av nær-turane ho likar godt. Det er litt bratt dit med litt klatring, men slett ikkje farleg. Litt luftig, og det hjelper godt å vere sterk i hovudet, smilar ho.

Tove Lise Torvet

Dette biletet blei brukt i norske medium, då Tove-Lise Torve var like ved å bli teken av skred.

– Nesten teken av skred

Det er ein vill og vakker natur i Sunndal. Og folket der opplever ikkje sjeldan vinterstid at skreda går. Ein gong trudde Tove Lise Torve at det skulle gå rett så gale.

– Eg såg skredet kome rett mot meg. Trykket frå skredet var så hardt, at det tok frå meg pusten. Heldigvis såg eg fonna kome, og eg fekk eg halde meg fast i ein stolpe. Rundt meg reiste skogen, og kraftleidningane såg mest ut som knørva sølvpapir. Det var nok galskap å vere akkurat der akkurat då, fortel ho.

– Mor arbeidde for like rettar

Tove Lise Torve vart medlem i Arbeidarpartiet i vaksen alder. Begge foreldra arbeidde på aluminiumsverket, som har danna grunnlaget for det aller meste i Sunndal-samfunnet.

– Mor var ei av dei første kvinnene som fekk arbeid på verket. Ho melde seg inn i Arbeidarpartiet tidleg, og arbeidde for at alle skulle ha like rettar, både til utdanning og jobb.

Ho fortel at ho vaks opp i eit politisk aktivt Sunndal-samfunn. Arbeidarpartiet har i alle år stått sterkt i Sunndal.

– Det er ei slags sosialdemokratisk ånd, der folket står saman. I Sunndal er det samhald og samarbeid i mange forskjellige samanhengar, ikkje minst i idrett- og kulturlivet. Dette kjem til uttrykk for eksempel når det skal arrangerast Hydro Cup. Då er alle i lokalsamfunnet med og tek i eit tak.

Velferd og miljøpolitikk

Ho brukar utviklinga i Sunndal-samfunnet til å vise korleis industrisatsing og bevisst bruk av verdiskapinga i industrien kan brukast til å utvikle miljøvenleg industri. Tidlegare var både landskapet i Sunndal og fjorden sterkt prega av utslepp frå verket. Med forsking og satsing på miljøteknologi blir aluminium som er produsert i Noreg i dag rekna for å vere eit miljøvenleg metall.

– Produksjonen av aluminium i Noreg er i dag viktig for den globale miljørekneskapen, seier ho.

Ho ser mykje av den same utviklinga i den maritime næringa, der til dømes forsyningsskip blir stadig meir miljøvenlege.

– Den store utfordringa globalt blir når land som Kina, India og arabiske byrjar å bruke like mykje energi som oss.

– Men veldig mykje av velferden vår byggjer jo på å svi av fossilt brensel, noko som fyller atmosfæren med CO2?

– Velferden vår byggjer i stor grad på at vi har lagt til rette for at kvinnene kan vere i arbeid. Kvinnene i arbeid har større verdi for samfunnet enn heile oljefondet. DET gir oss det høge velferdsnivået i Noreg, parerer Tove Lise Torve.

– Dette blir spennande

På vallista til Møre og Romsdal Arbeidarparti står Tove Lise Torve som nummer tre, bak Else May Botten og Fredrik Holen Bjørdal. Ho er altså avhengig av eit godt Arbeidarparti-val for å kunne halde fram.

– Meiningsmålingane viser at det kan bli spennande. Mitt inntrykk er at folk ikkje vil ha nokon ny politikk. Kanskje er det slik at nokon ønskjer nye fjes? Men då må ein hugse på at dei som blir valde inn skal styre landet i fire år. Då er det politikken som tel, seier ho.