Hopp til innhold

Tørt og kaldt i dagane som kjem

Det starta så fint i helga, med sol og klart og fint ver. Og gladmeldinga er at dette held fram.

Tresfjordbrua eit par veker før opning

Dei næraste dagane blir det kaldt og klart i fylket vårt.

Foto: Statens Vegvesen

Eit høgtrykk som held på å bygge seg opp over Skandinavia dei næraste dagane, gjer at den vertypen vi har no kjem til å vare ut over veka.

– Møre og Romsdal kjem veldig godt ut av dette, seier statsmeteorolog Martin Granerød.

I morgontimane varierte temperaturen frå minus fem til pluss fem.

Martin Granerød, statsmeteorolog ved Vervarslinga for Vestlandet

Statsmeteorolog Martin Granerød har gode prognosar for Møre og Romsdal dei komande dagane.

Foto: NRK

– Sakte men sikkert ut over i veka blir det lågare temperatur.

Granerød fortel også at det blir frisk bris utsette stader i dag, og i kveld aukar det på til stiv kuling.

– Med låge temperaturar blir det tørt ver utover i veka, og det inneber at det ikkje blir snø. Også i morgon blir det søraust bris, eller liten til stiv kuling i utsette fjord- og fjellstrok. Lengst nord i fylket kanskje sterk kuling.

Natt til onsdag kan det bli minus fem til minus ti grader, i alle fall viss ein kjem litt vekk frå kysten.

– Men sola vil halde fram med å skine.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL