Hopp til innhold

Tornekrattet takka Rösler

Suppporterklubben Tornekrattet takka Molde-trenar Uwe Rösler rett før avspark mot Stabæk søndag kveld.

Tornekrattet takka Rösler
Foto: Arne Flatin / NRK

Aalesund kjempar for 4. plassen i serien, når dei møter Rosenborg i dag. Trass 3-1 siger over Brann på heimebane sist søndag må det også i dag kjempast, når Aalesund møter Rosenborg borte. Etter sigeren over Brann ligg Aalesund på ein fjerdeplass på tabellen, som er ei historisk god plassering for klubben.

Molde utan tap

Molde møter Stabæk på heimebane i dag og har sitt å forsvare. Etter at Uwe Rösler tok over etter Kjell Jonevret som trenar, har det blitt fem sigrar og to uavgjorte kampar denne hausten.

Snø på stadion
Foto: Arne Flatin / NRK

Berre eit par timar før kampstart søndag ettermiddag i Molde lava snøen ned. Det vart rydda intenst for å gjere klar til årets siste seriekamp mot Stabæk.