Tornekrattet markerer misnøye mot nedlegging av supporterbutikken

– Eg synst det er frykteleg trist, seier Svein Erik Jenset i Tornekrattet. Laurdag vil supporterklubben markere misnøye mot at klubben vil leggje ned Supportershop Molde.

Tornekrattet

Supporterklubben Tornekrattet markerer laurdag si misnøye med at Molde Fotballklubb legg ned Supportershop Molde.

Foto: Omar Sejnæs / NRK

Det var i mars i år det vart bestemt at klubben ville leggje ned butikken. Tidlegare leiar i Tornekrattet, og dagleg leiar ved butikken, Eva Brit Mauseth, forlét styremøtet der saka vart behandla.

– Butikken har vore ein arena for profilering, merkevarebygging og rekruttering av supporterar. Me er undrande til at me blir opplyst om dette via media, seier Jenset, som er styremedlem i supporterklubben.

Jenset forklarer at det dei aller helst vil, er å få til ein dialog med klubben, for å unngå nedlegginga. I 2007 var supporterklubben med å starte butikken.

– Blir sette fem år tilbake i tid

I pressemeldinga skriv supporterklubben at det er eit samla styre som står bak misnøya med klubben si behandling av saka.

– Eg synst det er frykteleg trist. Me har sett ein auke dei siste åra, på at stadion under kamp, og distriktet og byen rundt er blitt farga meir og meir blått, seier Jenset.

Han viser til utviklinga i Molde, der det har kome opp balkongflagg og vanlege flagg over alt, folk går rundt med drakter og skjerf i klubben sine fargar. Om butikken no blir lagt ned frå 1. september, fryktar han at det vil bli langt vanskelegare for dei fotballinteresserte i Rosenes by å skaffe det store spennet som dei så langt har kunne kjøpe.

– Viss det tilbodet no skal forsvinne, kjennest det som om me plutseleg er sette fem år tilbake i forhold til alle andre klubbar som har eit slikt tilbod, seier Jenset.

Markerer misnøye laurdag

I pressemeldinga skriv supporterklubben at dei fryktar Molde Fotballklubb med dette distanserer seg frå tilhengarane sine.

Laurdag markerer Tornekrattet si misnøye under kampen mot Viking på Aker stadion. Kva markeringa går ut på, vil ikkje Jenset seie noko om, men han oppmodar alle tilhengarane om å stille til kampen.

Jenset håper framleis at klubben vil snu. Viss ikkje trur han Molde kan bli mindre blå på kampdagane neste sesong.

– Det er det me fryktar. Me fryktar at kjensla av å høyre til vil forsvinne igjen. Me vil få ein meir sivil stadion og eit meir sivilt byliv. Det er ikkje noko me som supporterar ynskjer. Me vil at alle skal vere kledde i blått, seier Jenset.