Hopp til innhold

Ona har tørkerekord

Aldri før har Meteorologisk institutt registrert ein så tørr januar månad på Ona. Brannfaren er stor, meiner meteorologane.

Søndagssol på Ona fyr

Det er knusktørt på Ona om dagen. Brannfaren er stor, seier meteorologane.

Foto: Bjarne Midttømme

Det usedvanleg fine vêret med lite og ingen nedbør siste tida, gir nye rekordmålingar for kor tørt det er i fylket.

På Ona har Meteorologisk institutt hatt målingar sidan 1978, og sidan den tid har dei aldri registrert så lite regn og nedbør ein januar månad som i år.

Sist det var ekstremt tørt på Ona var i 1996. Då blei det målt 12,2 millimeter nedbør for heile januar månad. Den nye rekorden for januar i år er på 10,9.

– Dette seier sitt om kor tørt det har vore siste månaden. Vi må slå fast at faren for lyng- og grasbrann er stor, åtvarar statsmeteorolog Aslaug Skålevik Valved.

Treng nedbør

I området med bar mark er det stor brannfare heilt til det kjem nedbør i større mengder.

– Enno ser vi diverre ikkje at det blir regn med det første, seier statsmeteorologen.

Vervarselet for resten av torsdagen og for morgondagen gir dermed ingen teikn til regn- eller snøskyer over Møre og Romsdal.

Mykje varmare

Akkurat no er det søraust bris og liten kuling utsette stader, og slik blir det også i morgon. Temperaturen blir om lag uendra, seier varselet.

– Laurdag aukar vinden fordi eit lågtrykk nærmar seg. Opphaldsveret vi halde fram, seier Aslaug Skålevik Valved.

Frå laurdag til søndag kan temperaturen stige med mellom fem og seks grader. Dermed held altså det knusktørre vêrlaget fram også over i februar månad.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL