Hopp til innhold

Tore Ulstein ny NHO-president

Styreleiar og visekonsernsjef i Ulstein Group ASA, Tore Ulstein, er vald til ny president i Næringslivet sin hovudorganisasjon (NHO).

Tore Ulstein

Tore Ulstein er visekonsernsjef og styreleiar i Ulstein Group ASA. NHO-presidentstillinga han er vald til er ei 20-prosent-stilling.

Foto: Frode Berg / NRK

Tore Ulstein

Tore Ulstein er NHO sin nye president.

– Eg takkar for tilliten frå NHO sine medlemmer, og vil audmjukt ta fatt på oppgåva med å leie ein svært kompetent organisasjon vidare, sa Ulstein til NHO si generalforsamling.

Det skriv NHO på sine eigne nettsider.

Ulstein er både styreleiar og visekonsernsjef i Ulstein Group ASA i Ulsteinvik. Han er utdanna sivilingeniør og har doktorgrad frå NTNU, tidlegare NTH.

– Eg er svært oppteken av norske bedrifter si konkurransekraft, og vil bidra til å sikre bedriftene sin tilgang på næringslivet si viktigaste råvare, kompetent arbeidskraft.

– Eit lønsnivå som ikkje er berekraftig i møte med internasjonal konkurranse, og NHO sin vidare kamp for eit meir fleksibelt arbeidsliv, er nokre av sakene eg vil engasjere meg i, sa Ulstein.

Han er no vald for to år, med opsjon på to nye år.

Skogen Lund ønskjer Ulstein velkomen

Ulstein seier til NHO sine sider at han er spent på kva stortingsvalet i haust vil gi av moglegheiter.

Han utfordrar også medlemmene i organisasjonen:

– Gi oss tilbakemelding på kva behov du har som bedriftsleiar, og om korleis NHO kan bli ein endå betre organisasjon for medlemsbedriftene i framtida. Å vere med å bidra i denne prosessen er éin av mine ambisjonar opp mot NHO som organisasjon.

Sjef i NHO, Kristin Skogen Lund, ønskjer Ulstein velkomen.

– Eg gler meg til å ta fatt på samarbeidet med Tore – som eg kjenner som ein svært innovativ næringslivsleiar, seier den tidlegare konserndirektøren i Telenor.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL