NRK Meny
Normal

Folk tør ikkje gå ut åleine i Ålesund

Drapet på Anja Weløy Aarseth pregar sterkt befolkninga i Ålesund. Mange tør ikkje gå ut på kveldstid.

bootcamp i Ålesund

I byparken var det bootcamp, trening med barnevogner i dag. Samtaletema var Aksladrapet.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Tora Rød

Tora Rød tør ikkje jogge åleine på Aksla føre gjerningsmannen er teken. Ho brukar difor tredemølle.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Inne på treningsstudioet Stamina i Ålesund spring Tora Rød på tredemølle. Ute er det fin temperatur og delvis sol. Helst skulle Rød ha jogga på Aksla, men etter at den 21 år gamle studenten frå Bergen laurdag vart funnen død i turområdet, vil ikkje Tora trene der utan venninner.

– Før politiet har funne gjerningsmannen tør eg ikkje jogge åleine på Aksla. Det føler meg utrygg, sjølv om det er utenkeleg at det skal skje igjen på same stad, seier Rød. Også Silje Ous har mista lysta på å trene ute.

Rød har tidlegare jogga 3–4 gongar i veka i området og har følt seg trygg fordi ho alltid møter andre folk og er i nærleiken av hus. No kjem ho anten til å trene på helsestudio eller organisere jogging saman med vener.

LES OGSÅ:

Bootcamp

Kristin Zimmermann

Kristin Zimmermann og vesle Oskar er på bootcamp i byparken. Ho får frysningar av å tenkje på drapet.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

I parken ved foten av byfjellet Aksla er ei gruppe småbarnsmødre og ein far samla for å trene med barnevogner. Dei er her kvar veke, men i dag er stemninga spesiell.

– Vi har prata mykje om at på treninga sist torsdag låg det kanskje ein død person ikkje langt unna, seier Kristin Zimmermann.

Ho får frysningar berre av tenkje tanken. Også ho har sprunge på turstiane på Aksla mange gonger åleine. No må ho snu seg bak og sjå om der er nokon, same kvar ho går. Jan Roger Kristiansen er einaste far i treningsgjengen. Han sjølv er ikkje redd for å jogge åleine, men han likar ikkje at sambuaren gjer det.

– Det er ikkje like sjølvsagt å springe ute til alle døgnets tider etter at dette skjedde, seier Kristiansen.

Tema hos frisøren

Pia Dietrichson

Frisør Pia Dietrichson pratar om Aksladrapet kvar dag på jobb. Det er det store samtaletema hos alle kundane, også Tale Vikås som sit i stolen.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Ved frisørsalongen CanCam i Ålesund fargar Pia Dietrichson håret til ein kunde. Akslasaka er samtaletema same kven som sit i stolen. Alle er opptekne av det som har skjedd og har behov for å prate. Frisøren bur berre eit like stykke unna der Anja Weløy Aarseth vart funnen. Ho plar gå tur i området kvar einaste dag med hunden, men onsdag kveld då studenten var ute og jogga, gjorde ho eit unntak.

– Eg og sonen min gjekk ei runde i byparken i staden for, og det har eg angra på i ettertid, seier Pia Dietrichson.

Mørkeredd

Ho likar aldri å gå åleine og legg alltid merke til folk som ikkje har treningsklede eller ikkje passar inn. Frisøren likar endå dårlegare å gå ute no når det har byrja å bli mørkt om kveldane. Ho etterlyser meir lys langs turstiane.

– I bekmørket er jo området perfekt å gøyme seg i, for dei med skumle hensikter, seier Dietrichson.

Har du tips i saka? Tips våre journalistar HER

Får ikkje gå ut

Steinerskoleelever

Reese Bendiksen, Sabine Pedersen, lærer Michael Hambro og Marie Terese Hartvigsen har prata om det som skjedde på Aksla. Elevane synest det er skremmande.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Også elevane ved Steinerskolen i Ålesund er prega av funnet av den døde kvinna som vart gjort ikkje langt unna skulen.

– Eg tvilar på at det skjer på same stad igjen, men eg får uansett ikkje gå ut om kvelden meir, seier Sabine Pedersen.

Ho synest det er skummelt at politiet ikkje har tatt den skuldige. Marie Terese Hartvigsen bur like ved funnstaden og ho trur byen er tryggare no når så mange politifolk jobbar med saka.

– Eg synest veldig synd på familien og vi pratar mykje om det på skulen, seier Hartvigsen.