Hopp til innhold

Tør ikkje reise til Tyrkia

Terrorredde sunnmøringar gjer at StarTour avlyser direkteruta til Tyrkia i sommar.

Star Tour, TUI fly Nordic

Star Tour droppar Tyrkia i sommar fordi dei reisande er skeptiske.

Foto: KAI-UWE KNOTH/JOERG KOCH / AFP

Dei som har bestilt ferietur, må no finne andre reisemål frå Vigra, eller bestille hos ein annan turoperatør. Også Nazar droppar Antalya denne sommaren, men Ving og Detur har avgangar laurdagar og måndagar, opplyser lufthamnsjef Tor Hånde på Vigra.

1. april fekk Synnøve Havnsund Urkedal frå Søvik i Haram epost om kansellering.

– Eg trudde først det var ein dårleg spøk frå reiseselskapet si side, men det var det ikkje. Årsaka var at for få hadde bestilt denne turen til at flyet kunne gå.

Og det stadfestar kommunikasjonsansvarleg i Star Tour, Nora Aspengren. Ho seier uroa i Tyrkia gjer dei reisande meir skeptiske.

Nora Aspengren

Nedgang i bestillingane til Tyrkia gjer at Star Tour avlyser frå Vigra.

Foto: Pressefoto

Tyrkia har tradisjonelt vore eit populært ferieland, også så seint som i fjor. Men no registrerer Star Tour ein nedgang i bestillingane på 40 prosent denne sommaren.

– Interessa er ikkje der den var i fjor. Ustabilitet påverkar nok reisevalet, seier Aspengren.

Star Tour seier seg lei for at kanselleringsmailane blei sende ut 1. april, og kunne bli oppfatta som ein spøk.

Blue Village Pascha Bay, Alanya, Tyrkia.

Alanya er eit turistmål som lokkar trass i uro i landet.

Foto: STAR TOUR

Synnøve Havnsund Urkedal vil ikkje at terrorfrykt skal øydelegge ferien hennar. Ho peikar på at ein aldri veit kvar terroren rammar, og drar til Tyrkia likevel. Ho har mange gode erfaringar frå landet, og tenker også på dei som bur der og som har turismen som sitt levebrød.

– No blir det tur med eit anna selskap, og vi gler oss. Tyrkia er eit kjempestort land, og turistområda ligg langt frå der det er uro.