Hopp til innhold

Toppidrettsveka held fram samarbeid med Petter Northug

Leiinga for Toppidrettsveka var i tvil. Men konklusjonen er at samarbeidet med Petter Northug skal halde fram.

Petter Northug

Her er Petter Northug under toppidrettsveka 2013. Også i år blir han ein vesentleg del av Toppidrettsveka.

Foto: Alley, Ned / NTB scanpix

– Alle må få ein ny sjanse, skriv Håvard Sagli i Norway Events ei pressemelding torsdag.

Toppidrettsveka går føre seg i Kristiansund, Aure, Orkdal og Trondheim 9.-13. august. Petter Northug er ein av frontfigurane. I veka er det både breiddearrangement, det er direkte TV-sende rulleski-renn og det blir arrangert skiskule.

Like etter at Petter Northug hamna i ei ulukke under køyring i ruspåverka tilstand, valde skiskulen å bryte samarbeidet med Petter Northug. Dette går no leiinga for Toppidrettsveka tilbake på.

Vi står fast ved at hendinga sist helg ikkje høver med det å vere god rollemodell for barn og unge på vår skiskule. Vi tek sterk avstand frå handlingane til Petter Northug, skriv Sagli.

Petter Northug jr

Toppidrettsveka er eit stort arrangement som går av stabelen på Nordmøre og i Trøndelag i august.

Foto: Alley, Ned / NTB scanpix

I pressemeldinga går det fram at Norway Events, som står som arrangør av Toppidrettsveka, har vore i tvil om samarbeidet med Northug.

Norway Events har gjennomført ein konferanse med Northug Management tysdag denne veka. Her har det vore ein grundig gjennomgang saman med dei viktigaste samarbeidspartnarane.

Konklusjonen er at avtalen mellom Petter Northug og Toppidrettsveka skal oppretthaldast.

Leiinga for Toppidrettsveka meiner dei med dette sender eit viktig signal:

Alle må få ein ny sjanse. Northug har betydd veldig mykje for Toppidrettsveka og han har gjeve oss mykje. No har vi sjansen til å gje noko tilbake i ei vanskeleg tid, både til Petter Northug, familien hans og managementet, heiter det i pressemeldinga.