Hopp til innhold

Topp seks realistisk for Aafk

- Det er fullt mogleg for Aafk å bli blant dei seks beste laga i eliteserien. Det meiner lagkaptein Johan Arneng.

Aalesund jubler etter seieren mot Viking

Aalesund jublar etter sigeren over Viking.

Foto: Ekornesvåg, Svein Ove / Scanpix

Aalesund tronar framleis på toppen av eliteserietabellen. Laget vann søndag 3-1 over Viking. Arneng meiner Aalesund er minst like gode som Viking.

Johan Arneng

Aalesund-kaptein Johan Arngeng.

Foto: Frode Berg / NRK

- Eg trur absolutt vi kan kome blant dei seks beste laga. Det er så pass jamt blant dei beste laga. Viking har vore spådd å bli med i gullstriden. Vi har eit minst like bra lag som dei, seier Arngeng.

Aalesund forsvarte toppen

Mykje må klaffe

Johan Arneng er imidlertid klar på at mykje på klaffe om Aalesund skal ende opp på øvre halvdel av tabellen.

- Vi må ha kontinuitet, vi kan ikkje ha mange skadar vi må framleis ha den gode kjensla. Vi må klare å vinne dei kampane som ikkje er så altfor bra. Tidlegare år fekk vi stryk om vi fekk motgang. Dette har endra seg. No kan vi kanskje ha marginane på vår side også når vi har ein dårleg dag, seier Arneng.

Hareide krass mot egne spillere

Selvsikker før møtet med barndomshelten

Glad for Aafk-suksess

Sunnmøring og Viking-trenar Åge Hareide er glad på Aafk og Kjetil Rekdal sine vegne. Han set pris på den gode starten den tidlegare eleven hans har hatt.

Åge Hareide

Åge Hareide set pris på Aalesunds-suksessen.

Foto: Svein Ove Ekornesvaag / Scanpix

- Eg er glad på Kjetil Rekdal sine vegne. Han har fått til eit godt lag som toppar serien. Når ein ikkje lukkast sjølv må ein passe på å unne andre suksess, seier Hareide. Aalesund vil truleg gjere det bra. Og dei kjem til å vere spesielt skarpe heime, seier Hareide.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL