NRK Meny

Top Gear på besøk

BBC-programmet Top Gear er på besøk på Nordmøre og i Romsdal denne veka. 30-40 personar er med for å gjere opptak mellom anna på og ved Atlanterhavsvegen, Atlanterhavstunnelen og Gjemnessundbrua. Dette medfører tidvis stengde vegar. – Reklameverdien er umuleg å seie i kroner og øre. Men vi er trygge på at BBC-programmet når andre potensielle turistar enn ein vanleg reklamefilm, seier assisterande reiselivsdirektør i Visit Nordmøre og Romsdal, Torunn Dyrkorn.

Atlanterhavsvegen
Foto: Roar Strøm / NRK