Hopp til innhold

Barn i elleve land les om Tonje Glimmerdal

Maria Parr har suksess i utlandet. Barneboka «Tonje Glimmerdal» er no gitt ut i 11 land.

– Det er rart på ein fin måte, seier Parr.

Maria Parr

Maria Parr har stor suksess i utlandet.

Foto: Siri Juell Rasmussen

Tonje Glimmerdal

Boka om Tonje Glimmerdal er selt til 11 land.

Boka om den einaste ungen i Glimmerdalen, Tonje Glimmerdal, har fått fleire prisar og er no selt til 11 land. Blant anna Estland, Tyskland, Frankrike, Kina og Russland.

– Det er veldig kjekt og samstundes litt fjernt. Det er ikkje slik at eg går rundt og tenkjer på det. Det er rart på ein fin måte, seier Maria Parr.

Parr, som kjem frå Vanylven, fekk både Kritikarprisen, Brageprisen og Teskjekjerringprisen for boka som kom ut i 2009. Die Zeit kåra boka til den beste barneboka på tysk i 2010.

For henne har målet aldri vore å selje barnebøkene utanlands, men synest det er bra at bøkene hennar er så populære.

– Det byrjar å bli ganske lenge sidan eg skreiv boka. No er det nye prosjekt som står i fokus, seier Parr.

Hausten 2013 set Det Norske Teatret i Oslo opp stykket Tonje Glimmerdal på hovedscena si.