Hopp til innhold

Tomt for grillmat

Uvanleg godt grillvêr i slutten av august gir tomme butikkhyller.

Grillmat

Butikkdrivarane ved Kiwi Klokkersund i Ålesund satsar på humor når det er tomt for potetsalat og andre grillvarer.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

Fleire butikkar er nesten tomme for grillmat. Det knallgode augustvêret skaper mangel på varer.

Når vi besøker Kiwi Klokkersund i Ålesund blir vi møtt av ein plakat der folk blir oppmoda til å blande potetsalaten sin sjølv. For potetsalat har dei ikkje. Og slik er det i mange butikkar.

– Dette er ein gimmick for å få kundane til å smile, seier ein skrattande butikksjef, Tore Håvik.

Grillmat

Det er lite å hente for den som vil grille pølser.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

Det ligg ei einsleg pakke med grillpølser i hyllene. Kameratane Kristian Knotten og Preben Sætre skal på fest. Som mange andre har dei lyst til å grille, og dei er godt førnøgde når dei greier å snappe opp den siste pølsepakka: – No må vi sjekke om dei har maiskolbar.

I hyllene er det tomt for grillribbe, kotelettar, spareribs og mykje anna.

Kristian Knotten og Preben Sætre

Kristian Knotten (t.v.) og Preben Sætre skal grille, og snappar opp den siste pakka med grillpølser.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

Butikksjef Tore Håvik vedgår at dei har problem med å levere det folk vil ha:

– Produsentane har kutta ut ein del av utvalet. Sommaren skal normalt vere over no, og då har vi ikkje det utvalet vi hadde i juni og juli. Og i sommar var det ikkje vêr til å grille...

Stor telefonaktivitet

Butikken har hatt problem med å få tak i grillpølser frå Gilde, så dei har ringt rundt til lokale produsentar.

Grillmat

Slike tomme hyller er det i mange butikkar no i slutten av august.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

– Vi har fått få negative reaksjonar. Kundane tar det stort sett med eit smil, seier butikksjef Tore Håvik til NRK. Han fortel at butikkane på denne tida av året snur om frå sommarmat til kvardagsmat, og at det då blir satsa meir på knekkebrød, juice og kaffi.

– Men følgjer de ikkje med på vêrmeldingane?

– Det gjer vi, men vi følgjer også med på historikken frå åra før. Når det no blir heilt annleis enn venta, er det vanskeleg å snu om over natta.

Dårleg sommar

Den dårlege sommaren i juni og juli gjorde at butikkane selde lite grillmat. Men det snur raskt, og no har dei altså problem med å få nok varer inn i hyllene.

Grillmat

Godt vêr skaper uvanleg stor grillaktivitet, og dermed blir hyllene tomme.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

Informasjonssjef Ellen Flø Skagen i Nortura seier at folk vanlegvis er lei av grilling på denne tida av året. Grillaktiviteten dalar, og butikkane vil vanlegvis satse på andre typar varer.

– Men så har jo vêret over heile landet blitt fantastisk. Då vi såg meldingane skrudde vi opp produksjonen på dei mest populære produkta. Men det har tatt ei tid å få dette ut i butikkane, vedgår informasjonssjefen i Nortura.

Bernt Helge Skarbøvik kjem inn i butikken til Kiwi Klokkersund i Ålesund. Han har vore i Syden, og har ikkje tenkt på at vêret har vore dårleg dei siste vekene. Skarbøvik skal grille, og syns det er litt rart at mange av butikkhyllene er tomme.

– Men vi får ta det med eit smil når sola skin, seier den sommarbrune ålesundaren.

Bernt Helge Skarbøvik

Bernt Helge Skarbøvik kjem rett frå Syden, og vil grille. Men det er lite å velje mellom.

Foto: Tore Ellingseter / NRK