Hopp til innhold

Tømmerdal ordførar i Ålesund

Bjørn Tømmerdal (H) blir ny ordførar i Ålesund. Varaordførar blir Lodve Solholm (FrP).

Bjørn Tømmerdal
Foto: NRK

Det er FrP, Høgre og Tverrpolitisk liste som har skrive under ein samarbeidsavtale for den neste kommunestyreperioden. Dei tre har fleirtal i bystyret med 26 av 49 representantar.

 

 FrP-prega avtale

I denne avtalen har FrP fått nærast full utteljing. Ei viktig sak for Høgre i valkampen var å få til ein bompengering for å finansiere utbygging av innfartsvegen, men bompengemotstandaren FrP har trekt det lengste strået. Dette er nokre av punkta i avtalen:

  • Meir konkurranseutsetjing
  • Eigedomsskatten skal avviklast
  • Ikkje bompengar eller bensinavgift for å finansiere samferdselsprosjekt
  • Friare skuleval i heile grunnskulen
  • Opnings- og skjenketider som no
  • Trivsels- og helsereiser for innbyggjarane

Sonderingar

Det har også vore sonderingar mellom Ap, SV, Høgre og sentrumspartia. - Vi var enige om mange ting og hadde venta at det skulle bli eit nytt møte i dag, seier Arbeidarpartiets ordførarkandidat Bjørg Riksfjord. - Høgre har fått ordføraren, men dei har selt unna samferdselsløysingane i Ålesund. Det overraskar meg kor langt dei går for å få ordføraren, seier ho.