Hopp til innhold

Her stod 100 småbruk tomme - no har fleire fått nye eigarar

I Nesset er mange av gardane fråflytta og kommunen har no hjelpt familiar med å få oppfylt draumen om å bu på eit småbruk.

Småbruk i Nesset

Mange drøymer å livet på landet, men få småbruk er til sals. Marie Teigland og Simo Tessa har saman med dottera oppfylt draumen.

Foto: Marie Teigland / NRK

Marie Teigland

Ordførar og tidlegare Rådmann i Nesset framfor det nyrestaurerte småbruket. Kjøparane Marie Teigland og Simo Tessa i midten.

Foto: Nesset kommune

Rundt om i Noregs land står om lag 40.000 småbruk tomme. Mange ynskjer eit liv på landet og kan tenkje seg å kjøpe eit småbruk, men problemet er ofte at eigar ikkje vil selje. Dei vil at garden skal bli i familien.

I Nesset kommune i Romsdal stod det i 2009 rundt 100 småbruk utan fast busetjing. Det ville kommunen endre på. Dei starta prosjektet «Folk i alle hus», for å få fleire familiar til å flytte til kommunen.

– Det var eigentleg mange eigarar av småbruk som var positive til å selje. Dei sa at dei hadde tenkt tanken, men ikkje gjort noko med det, seier John Helge Frøystad.

I løpet av tre år har 15 småbruk fått nye eigarar.

Unge med energi

Marie Teigland

Marie Teigland er nøgd med å ha kjøpt ein gard i Nesset. Ho meiner fleire burde få sjansen.

Foto: privat

Marie Teigland (27) og Simo Tessa (29) er i full gong med å restaurere huset på garden dei kjøpte på Rød i Nesset i september 2011.

– Å kjøpe eit gamalt småbruk passar bra for unge folk med mykje energi. Folk som ikkje veit kva dei går til, ler Teigland.

Paret har prøvd å ta vare på mest mogleg av det gamle i restaureringa og det er tidkrevjande. Dei har akkurat flytta inn i den delen av huset som er pussa opp. Paret har eitt barn, hund og 25 sauer. Teiglands draum var å bu i nærleiken av fjord og fjell og ha stor nok plass til ein kjøkkenhage. Mannens ynskje var å ha eigen skogteig. Dei fann garden på finn.no og enda opp med mykje meir areal enn dei tenkte.

– Det var slik vi fekk sauer. Det var for ille å ha så stor gard utan å bruke den, seier Teigland.

Bør bruke husa

Ho synest det er synd at så mange småbruk står tomme, fordi eigaren kanskje skal bruke garden ei veke i året.

– For ei bygd er det mykje betre at det kjem folk som vil busette seg og ta del i det sosiale, enn at småbruka blir ståande tomme, seier Teigland.

Ho synest også det er unødvendig å opparbeide så mange nye hustomter og bruke av landbruksareal, når hus står tomme med alt ein treng av infrastruktur som veg, vatn og straum.

Sterke band

Frode Flemsæter

Frode Flemsæter ved Norsk senter for Bygdeforsking.

Foto: Privat

Frode Flemsæter ved Norsk senter for Bygdeforsking har forska mykje på temaet. Han seier at for ei bygd betyr det uendeleg mykje at berre ein eller to familiar kjem flyttande. I staden for er det mange familiar som aldri får oppfylt draumen om å kjøpe eit småbruk, fordi småbruka ikkje vert lagt ut for sal.

– Det er livsverket til slekta og det er mykje kjensler i biletet. Bandet mellom slekt og gard er så sterkt i landet, seier Flemsæter.

Han meiner mange har småbruka ståande fordi dei føler seg pliktige til det.

Vegrar seg

Flemsæter meiner at slike prosjekt som i Nesset er svært positive, fordi dei set i gong ein tankeprosess hos eigar.

– Ofte er det fleire som eig saman og enkelte vegrar seg for å ta opp temaet sal. Då kan det vere bra at nokon utanfrå kjem med spørsmålet, seier forskaren.

Ikkje alle bur her fast

Nesset kommune er godt nøgde med at 15 småbruk har skifta eigarar, sjølv om ikkje alle kjøparane har tenkt å busette seg fast her.

– Det er viktig for oss å skape aktivitet i bygda, men også viktig at husa vert tekne vare på, seier Frøystad. Dei har vidareført prosjektet og vil no at alle tomme hus i kommunen skal få nytt liv, ikkje berre småbruka.