Hopp til innhold

Fallande Grandiosa-sal, 12 mista jobben

Dårleg pizzasal gjer at pizzaproduserande Stabburet i Stranda må seie opp fleire tilsette. – Det kan vere sunnheitsaspektet, seier fabrikksjefen.

Pizza Grandiosa

Salet av Pizza Grandiosa har vore fallande over tid, seier fabrikksjef Hans Jostein Langlo ved Stabburet på Stranda.

Foto: Scanpix / SCANPIX

Fabrikken har i overkant av 160 tilsette. No har 12 personar mista jobben.

– Det er ikkje veldig mange, men sjølvsagt er dette veldig trasig, seier Hans Jostein Langlo til NRK.

Han er fabrikksjef ved Stabburet i Stranda. I går fekk 12 av dei tilsette, dei mest mist ansiennitet, melding om at dei ikkje hadde jobb ved fabrikken lenger.

– Vi har dessverre ikkje noko anna val når marknadssituasjonen ser ut slik den gjer no, sa Hans Jostein Langlo til Radio Storfjord – som melde om saka først.

Hans Jostein Langlo

Hans Jostein Langlo, fabrikksjef ved Stabburet i Stranda, fortel at nedgangen ikkje vil snu med det første.

Foto: Pål Kristian Lindseth / NRK

– Vedvarande tilbakegang

Til NRK opplyser Langlo at pizzasalet har vore dalande gjennom heile 2013. Så konsekvent nedgang har dei ikkje opplevd før.

– Litt svingingar har det vore til tider, men ein slik vedvarande tilbakegang er spesielt.

Som matprodusent er Langlo tydeleg på at ein rett og slett må tilpasse seg salet.

– Vi vil, og må alltid, justere arbeidsstokken etter utgangane. I gode tider må vi tilsette fleire, og i tider med lågare sal må vi seie opp folk. Slik er det, dessverre.

Har justert, men tidene er ikkje berre lyse

No er salet dårleg, og 12 personar har altså mista jobben.

– Situasjonen vi ser no har vara lenge, og den vil vare ved utover hausten ser det ut til. Då har vi ikkje anna val enn å seie opp eitt skift på produksjonssida, fortel Langlo til NRK.

– No har vi justert oss til ein kapasitet tilpassa salet, så eg trur det vil gå bra vidare. Vi ser også at det er mykje spennande på gang, så eg har god tru på framtida for pizza.

Kvifor tidene er så dårlege for frosenpizza, og Pizza Grandiosa i særskild stilling, er samansett, meiner fabrikksjefen.

– Mykje kan spele inn. Det kan vere det breiare spekteret av mat i priskategorien og det kan vere sunnheitsaspektet som spelar inn. Det er vanskeleg å seie eksakt, men det blir jobba seriøst med å finne ut av, avsluttar Langlo.