Hopp til innhold

AaFK-kapteinen ikkje klar til lokaloppgjeret

– Det er framleis litt stikkande smerte. Eg må smørje meg med tolmod og ta tida til hjelp, seier Jonatan Tollås Nation.

Jonatan Tollås Nation

Jonatan Tollås Nation grur seg til å sjå lokaloppgjeret mot Molde frå tribunen.

Foto: Hans-Olav Rise / NRK

AaFK-kapteinen har trena med laget, sett vekk frå speleøktene, den siste tida. Utsiktene for å bli speleklar til lokaloppgjeret mot Molde var bra tidleg i veka, men onsdag etter trening slo han fast at han står over.

– Etter prat med fysioterapeut og kirurg så fann vi ut at eg må ta det litt med ro, for hevelsen har ikkje gått ned, seier han til NRK.

Stikkande smerte og væske i kneet gjer at han stenger døra for spel fredag. No må han smørje seg med tolmod.

– Smertefull oppleving

Han må sjå kampen mot serieleiaren frå litt lenger nord i fylket frå tribunen. Det er ikkje ein aktivitet han unner sin verste fiende.

Jan Jönsson

AaFK-trenar Jan Jönsson seier kampen kjem for tidleg for Tollås Nation.

Foto: Hans-Olav Rise / NRK

– Eg har sett lokaloppgjeret mot Molde frå tribunen éin gong før, i Molde i 2011. Då fekk vi grus, fortel Tollås Nation.

– Det var ei smertefull oppleving for alle på bana, for meg og for fansen på tribunen. Å sitte på tribunen er verre, eg har sikkert høgare puls då enn når eg spelar sjølv, held han fram.

Sjølv om både han sjølv og trenar Jan Jönsson gjerne skulle han sett han skadefri, er altså lokaloppgjeret uaktuelt.

– Denne kampen kjem nok litt brått på, det er litt tidleg, slår Jönsson fast.

Startplass i fare?

Tollås Nation sjølv håper han er klar til kamp mot Sarpsborg borte om éi og ei halv veke.

– Det blir neste mål, så får vi sjå når kampen kjem. Kneet må bli 100 prosent, det er det viktigaste. Eg har sjølvsagt lyst å spele sjølv om det gjer litt vondt, men om ein tenkjer langsiktig er det lurast å vente.

Utan AaFK-kapteinen på laget har dei oransje og blå vunne sine to siste kampar, scora fem mål og sloppe inn null.

– Er du sikker på startplass når du er tilbake?

– Hehe, eg trur alle mann er klare over at dei må kjempe om sin plass på laget – også eg. Daniel (Arnefjord) og Mikael (Dyrestam) har gjort det bra, men eg satsar på å vere konkurransedyktig når eg kjem tilbake. Så får trenaren sjå om eg er i bra nok form til å starte, seier Tollås Nation.

– Først skal han bli skadefri, så får vi lirke han inn på benken, fortel trenar Jönsson lurt.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL