Tolketenester i retten på nytt

Retten skal på nytt ta stilling til om politiet i Møre og Romsdal har kjøpt ulovlege tolke-tenester i stor stil. Klagenemnda for offentlige anskaffelser (KOFA) kom tidlegare i år fram til at politiet burde lagt kontraktene ut på anbod. Politiet i fylket hadde då kjøpt tolketenester for 6,5 millioner kroner i løpet av tre år, og fekk ei bot på 850 000 kroner. I tingretten blei politiet frifunne, men i dag startar ankesaka i Borgarting lagmannsrett.