Hopp til innhold

Tolegrensa nådd for tungtrafikk

Vogntoga dundrar gjennom Romsdalen og om godstrafikken på Raumabanen vert stansa for godt, kjem talet på tungtransport på eksportvegen til å auke betydeleg.

E136
Foto: Gorm Kallestad / SCANPIX

Statens vegvesen fryktar konsekvensane dersom godstoget forsvinn frå Raumabanen.

Godstoget til Cargo Net på Raumabanen er historie frå 15.desember.

Les også:

Det kan bety 70 fleire vogntog i døgnet gjennom Romsdalen.

– No er grensa nådd for tungtrafikk gjennom Romsdalen, seier Ivar Hol.

Meir gods til veg

I mange år har det gått opp mot 450 vogntog i døgnet opp gjennom Romsdalen. Då Statens vegvesen hadde teljing i november hadde talet auka til 497.

Ivar Hol

Sjefsingeniør i Statens vegvesen, Ivar Hol, er bekymra over utviklinga på europaveg 136.

Lange køer etter jordras på E136

Fleire og fleire tunge køyrety køyrer gjennom Romsdalen.

Foto: Terje Reite
Godstog Raumabana

Det kan verte heilt slutt på godstog på Raumabanen.

Foto: Bernt Baltzersen / NRK
Om ikkje Cargo Link får i gang eit nytt godstogtilbod, vil talet auke med ytterlegare 10-15 prosent.

– Når vi no høyrer at det kan verte flytta over endå meir gods frå Raumabanen til veg, så vert eg bekymra, seier Ivar Hol, som er sjefsingeniør i Statens vegvesen.

– For dårlege vegar

Bekymringa kjem først og fremst fordi han meiner at vegbanen gjennom Romsdalen ikkje er bra nok til å tole all tungtrafikken.

– Vegane er heilt klart ikkje bra nok til til å tole så mange vogntog. No føler eg at grensa er nådd, seier Hol.

Han peikar på at om fleire småbilar trafikkerer gjennom Romsdalen, har det lite å seie for vegnettet, men dei store vogntoga er ikkje å spøkje med.

– Dei store fullasta vogntoga som er breie, tunge og lange, røyner på vegnettet.

Les også:

Utanlandske vogntog

Det er ikkje sett av pengar til trafikkbetringstiltak i Romsdal dei komande åra. Først i neste transportplanperiode, etter 2017, er det planar om krabbefelt opp siste stiginga i Romsdalen.

Bekymringa til Statens vegvesen er også stor fordi det vert stadig fleire utanlandske vogntog som trafikkerer eksportvegen gjennom Romsdalen.

– Ein stadig større del av vogntogtrafikken er utanlandsk og mange av dei utanlandske køyretya er ikkje heilt optimale for norske vegar.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL