Tok u-sving i veglomme

Uhellet i Fremmerholen skjedde i storlomma på E39, der ein bilist i retning aust tok u-sving ved veglomma, ifølge politiet. Bilen kolliderte då med ein annan bil som også køyrde aust. Dei involverte er køyrt til legevakt for ein sjekk, og politiet har teke førarkortet til bilisten som tok u-sving. Dei opprettar sak.