NRK Meny
Normal

Tok sju graviditetstestar før ho klarte å tru det

Dei fleste nøyer seg med ein eller to. Jenny Marie Daleng Nilsen (23) frå Haram tok sju graviditetstestar før ho klarte å tru det. No kan ingenting skjule at ho ventar baby.

Jenny Marie Daleng Nilsen

Daleng Nilsen (23) ventar eit etterlengta barn om ein månad.

Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK

To abortar gjorde at Jenny Marie Daleng Nilsen (23) frå Haram frykta at ho ikkje kunne bli gravid, og at det skulle gå gale igjen. Så då ho endeleg tenkte at ho og mannen kanskje hadde lukkast i fjor haust, kjøpte ho like godt ein tipakning med graviditetstestar.

Eg tok først ein test om kvelden, den var svakt positivt, så eg forsøkte igjen om morgonen, og så måtte eg berre ta ein til for å få det verkeleg stadfesta, ler ho.

Heller ikkje mannen trudde det

Jenny Marie Daleng Nilsen

Jenny Marie Daleng Nilsen tok sju graviditetstestar før ho trudde på at ho var gravid.

Foto: Privat

Og då mannen hennar kom heim, og heller ikkje klarte å tru at dei skulle bli foreldre igjen, tok ho endå ein. Og ein til. Og endå ein. Og til slutt den sjuande og siste.

Dei raude strekane var ikkje så veldig sterke, men då eg endeleg forsto at det var sant, blei eg heilt klart veldig glad, seier 23-åringen.

To abortar på kort tid

No struttar magen til 23-åringen godt, og om ein månad blir ho etter planen tobarnsmor. Ho og mannen har frå før ein gut på snart tre år, som no skal bli storebror.

Men forsøket på å få eit barn til, blei vanskeleg for dei unge foreldra. Først opplevde dei ein spontanabort, så ein abort til på grunn av misdanningar hos fosteret.

Vi tok det hardt å misse to på rappen, så då tok vi ein pause på seks månader. Men så begynte vi på igjen å prøve, og då gjekk det endeleg, seier den unge mora.

Fekk stadfesta draumen

Tok sju gravitestar, sel resten

Ho måtte ta sju testar før ho klarte å tru at ho var gravid. Dei tre siste sel ho no til andre.

Foto: privat

Natta før den første testen drøymde 23-åringen om at ho tok ein positiv test. Dagane etter fekk ho stadfesta draumen, ikkje berre ein, men sju gongar.

No har ikkje ekteparet i Haram fleire born, og laurdag la ho ut på Facebook dei tre siste graviditetstestane for sal, med denne teksten:

«De virker som de skal, kjøpte ti stk (pakke) 7 positiv da jeg ikke trodde mine egne øyne :-)»

Rundt 19. juli kjem det høgst truleg ein liten gut til verda. Og tvilen er i ferd med å sleppe heilt.