Hopp til innhold

Tok seg inn i bustad og truga mann

Ein mann i trettiåra blei natt til søndag truga av to personar som tok seg inn i bustaden hans på Ellingsøya.

Ellingsøy

Det opplyser Sunnmøre politidistrikt.

Dei to personane skal ha tatt seg inn i bustaden og truga til seg ein mobiltelefon og datautstyr.

Mannen melde sjølv frå til politiet om forholdet. Det tok litt tid frå hendinga skjedde til mannen fekk varsla politiet, då han måtte køyre eit stykke for å få tak i ein telefon.

– Politiet har søkt og søkjer etter to personar, det skriv operasjonsleiar i Sunnmøre politidistrikt Tor Andre Gram Franck.

Dei to personane er skildra til å vere rundt 180 centimeter høge, iført mørke klede og sist sett køyrande frå staden i ein varebil av ukjent merke, størrelse og farge.

Politiet gjorde sporsikring på staden og sette i gong etterforsking etter at meldinga kom.