Etter at det vart funnen ein kval utanfor Bergen med magen full av plastposar, har fokuset på plast i havet vore ekstra stort. I mai har skular, privatpersonar, frivillige organisasjonar og næringsliv sett i gang dugnadar for å rydde i fjøresteinane.
Den innsamla plasten og avfallet vert levert inn til renovasjonsselskapa. Fleire kan melde om ei dobling samanlikna med i fjor. Linn Urke Osnes er kommunikasjonsansvarleg i Søre Sunnmøre reinhaldsverk og seier at engasjemntet aukar.
– Vi er overvelda over innsatsen til lokalbefolkninga. Dei har samla inn store mengder avfall frå strendene, seier Osnes. 8. mai vart det samla inn 11, 6 tonn med avfall i dei fire kommunane som høyrer til reinhaldsverket på søre Sunnmøre. Dette er ei mangedobling frå i fjor. I Ulstein kommune har det nyleg vore ein aksjon i Haddalvika og det avfallet kjem inn i dag.
Årim, miljøselskapet som er eigd av 12 sunnmørskommunar, har fått inn ca 18,5 strandavfall. Romsdalskomnmunane har samla inn 15 tonn og Volda og Ørsta 8 tonn. Nordmøre har ikkje tala klare enno.
– Vi ser mykje rart når vi ryddar strendene. Vaskemaskin, kjøleskap og store elektriske varer som er gratis å levere inn, blir dumpa i fjøra, seier Osnes.
Tal frå organisasjonen Hold Norge rent viser at over 20 000 har delteke på strandrydding rundt om i landet. Strandryddedagen er landets største kollektive ryddedugnad.