NRK Meny
Normal

Tok ikkje telefonen – vann 1,2 millionar

Først i dag fekk Norsk Tipping tak i Joker-kandidaten frå Aukra som vann 1,2 millionar kroner onsdag kveld. Ho trudde det var ein telefonseljar som ringde.

May Lisbeth Midtgård Myrvang Norsk Tipping

Gratulerer med 1,2 millionar kroner. Kvinna frå Aukra såg trekninga utan å skjønne at det var ho som vann.

Foto: Fabelaktiv

Torsdag formiddag tok ho likevel telefonen og fekk naturleg nok hakeslepp då ho skjøna kven som ringde og kvifor.

– Herregud! Tullar du no, sa ho ifølgje Norsk Tipping då dei hadde fått forklart ærendet sitt.

Såg trekninga på fjernsyn

Kvinna i 30-åra hadde til og med sett seg sjølv vinne på sendinga utan å få med seg at det var ei dame frå Aukra som var trekt ut. Ho sat saman med ein slektning medan sendinga gjekk og tenkte ikkje på at det kunne vere ho som hadde vunne.

– Vi sat og snakka, så eg fekk ikkje med meg at det var ei kvinne frå Aukra, seier ho til Norsk Tipping.

Positivt sjokk

Naturleg nok er Aukra-kvinna svært glad for gevinsten. Ifølgje dei som ringde frå Hamar torsdag formiddag var ho på gråten.

– Eg trur aldri eg har vore så glad i heile mitt liv, skal ho ha sagt.

Men kva pengane skal brukast til hadde ho sjølvsagt ikkje rukke å tenkje på.