Hopp til innhold

Tok farvel med fansen

Aafk-fansen stimla saman på stadion då Anders Lindegaard i dag tok avskjed med klubben. I morgon reiser Manchester United-keeperen vidare til nye eventyr.

Video Lindegaard Farvel

Fleire generasjonar med Aafk-fans var møtte fram i supporterbutikken då dansken Anders Lindegaard tok farvel med supporterane i dag.

- Aafk har betydd alt

Dansken er innom Ålesund ein snartur, før han i morgon reiser vidare på nye eventyr. Hovudpersonen sjølv var godt fornøgd med oppmøtet.

- Det er sjølvsagt vemodig å ta farvel med fansen, men det er også med glede. Klubben er glad, eg er glad og fansen er stolte, seier Lindegaard.

- I morgon reiser eg vidare, så for denne gong er det siste gongen eg ser desse fantastisk flotte folka.

Og mellom dei flotte folka nemner han leiinga i klubben, supporterar og keepertrenar Frank Mathisen. Dei to åra i sunnmørsklubben har vore viktige, seier han.

- Det har betydd alt. Om eg ikkje hadde hatt dei to åra her, så hadde eg kanskje framleis site på benken i Danmark.

Les óg:

Fansen tek farvel med Lindegaard

Lenilda Cruz, Frank Arild Hansen og Dani Rønnestad Hansen hadde fekk ta bilete saman med helten Anders Lindegaard.

Foto: Birthe Bringsvor / NRK

Lenilda Cruz, Frank Arild Hansen og Dani Rønnestad Hansen hadde teke turen frå Fosnavåg for å ta farvel med den komande Manchester United-keeperen. Kva dei meiner om dansken kan du høyre her:

- Høyrer heime i Manchester United

Før avtalen med Manchester United var i boks var det store spekulasjonar rundt framtida til dansken. I starten gjorde det det vanskeleg å sove, men det gjekk over, seier målmannen.

- Der vert skrive og spekulert. Dei siste fire månadane har eg følt meg immun mot alle spekulasjonane.

Supporterbutikken var full av bå de fans og presse for å ta farvel med keeperen. No reiser han vidare til ein av dei største klubbane i verda, og har støtte frå AaFK-fansen.

- Det er sikkert ein stor draum for han å få kome til ein slik stor klubb som Manchester United er. Eg meiner absolutt han høyrer heime der, seier supporter Johan Hoff.

Kva synast du om at Anders Lindegaard har gått over til Manchester United?

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL