Hopp til innhold

Tok farvel med bedehuset

Måndag tok bygdefolket farvel med Åkre bedehus. No skal huset rivast. Men det skal få nytt liv ein heilt annan stad.

Åkre bedehus skal flyttes, bygda tok et siste farvel.

Åkre bedehus er det eldste bedehuset som framleis står på tuftene sine på Sunnmøre. No hamnar huset på muséum.

– I dag markerer vi at bedehuset skal forlate livet sitt som bedehus på Åkre på Haramsøya. Men huset skal stå opp att, kanskje ikkje til eit evig liv, men til eit nytt og langt liv på Sunnmøre Museum, sa Aud Farstad frå muséet.

Måndag strøymde bygdefolket til huset ute på markane på Åkre for å ta farvel. Bedehuset blei fylt til randa. Det måtte berast inn ekstra stolar. Til og med det gamle galleriet måtte takast i bruk.

Dei siste åra har huset stått til forfalls. Likevel ber huset i høgste grad preg av å ha vore ein sentral stad i liva til folk i området.

– Då eg var lita var det dette bedehuset som var forsamlingshuset vårt, sa ein av bebuarane som tok imot oppmodinga om å bidra med historier frå det gamle bedehuset.

– Dette huset har betydd svært mykje for oss. Dette har vore huset mitt i bygda, sa Anne Pareliussen.

Med tradisjonsrike songar, gode kaker og ein god porsjon bedehuskaffi tok folk farvel. No kan prosessen med å overføre huset til Sunnmøre museum starte. Om du følgjer med på TV-sendingane til NRK Møre og Romsdal og Norge Rundt kan du få med deg store delar av reisa.