Hopp til innhold

Fann granat ved Raumabanen – togtrafikken blei stoppa

No vaktas området på Verma mens dei ventar på at bombeekspertar frå Forsvaret skal komme og undersøke granaten kl. 21.00.

Granat

MYSTISK GRANATFUNN: Denne gjenstanden vart funne ved Raumabanen fredag.

Foto: Bane Nor

Politiet seier dei har kontroll på gjenstanden, som sannsynlegvis er ein granat.

Gjenstanden vart funnen i samband med skogsarbeid ved Raumabanen i Verma. Rundt klokka 16.00 fortel politiet at dei har kontroll på området og at dei ventar på Forsvaret som skal kome og ta seg av granaten.

– Det er vanskeleg å seie om det er ein farleg granat, for han ligg delvis i jorda. Det ser ut som ein vanleg handgranat, seier Per-Tore Storbråten, politibetjent ved Rauma lensmannskontor.

Per-Tore Storbråten, granatfunn i nærheten av Raumabanen

Per-Tore Storbråten, politibetjent ved Rauma lensmannskontor seier dei har kontroll på området der granaten ligg.

Foto: Roar Strøm / NRK

Politiet har ikkje gjort noko med sjølve granaten, men har sikra området slik at det ikkje er folk i nærleiken.

– Granaten ligg slik den vart funnen, men vi sikrar området slik at folk ikkje kjem i nærleiken av han.

Raumabanen gjenopna

Togtrafikken på Raumabanen vart stoppa med éin gong etter funnet i 13.30-tida fredag. I ettermiddag melde Bane NOR at toga går igjen, men at dei reisande framleis må rekne med forseinkingar på strekninga.

– Forsvaret har vurdert at det er trygt for toga å passere. Toga skal køyre forbi her med redusert hastigheit, seier politibetjent Storbråten.

Det var Jørgen Bjørnset, hovudsikkerheitsvakt i Bane NOR, som fann granaten i samband med skogsarbeid ved banen.

– Eg vart litt overraska. Så då var det berre å avbryte alt arbeid og ringe togleiinga og varsle om at vi hadde funne noko som kunne vere sprengstoff, fortel Bjørnseth.

Jorgen Bjornset, hovedsikkerhetsvakt Bane NOR

– Eg vart litt overraska, fortel Jørgen Bjørnset, hovudsikkerheitsvakt i Bane NOR. Det var han som fann granaten.

Foto: Anne Eli Nøsen / NRK

Forsvaret på veg

En gruppe frå Forsvaret skal komme til Verma klokka ni i kveld.

– Vi har sett bilete og trur det er ein skarp granat som bør takast hand om av våre folk. Når dei kjem fram tar dei ein vurdering på om dei skal destruere granaten i kveld, eller om dei vil vente til det blir dagslys, seier Brynjar Stordal, pressetalsmann ved Forsvarets operative hovudkvarter.

Det er så langt uvisst om granaten stammar frå andre verdskrig eller om han er frå nyare tid.

– Det er uansett lurt for publikum å halde seg unna slike objekt, sa Brynjar Stordal.