Hopp til innhold

Trollveggen kan få sitt eige togstopp

Sjølv om det står ei stasjonsbygning ved Trollveggen, har det aldri stansa tog her. No kan Trollveggen i Rauma få perrong og togstopp.

Trollveggen

Satsinga på turisttrafikk på Raumabanen har vore ein stor suksess. No kan det bli eige stopp ved Trollveggen.

Foto: Leif J. Olestad

Togstrekninga mellom Åndalsnes og Dombås er kjent som ein av dei vakraste turane i landet med utsikt mot nettopp Trollveggen, som er Europas høgaste loddrette fjellvegg. Turistar frå heile verda kjem for å oppleve togturen. No ynskjer reiselivsbransjen å utnytte turistattraksjonen betre og lage eit eige togstopp ved foten av Trollveggen, skriv Åndalsnes Avis.

– Tanken er at turistane kan ta toget frå Åndalsnes sentrum og opp til Trollveggen. Anten kan ein ta toget ned att etter ulike aktivitetar, eller sykle tilbake, seier Helene Rødseth.

Ho er dagleg leiar i Nordveggen som driv med utvikling av reiseliv i Rauma. Det nye togtilbodet skal også kunne brukast av lokalbefolkninga for å betre kollektivtilbodet.

Suksess med turisttog

Trollveggen

Trollveggen er Europas høgaste loddrette fjellvegg.

Foto: Lier, Gunnar / SCANPIX

Sidan 2008 har NSB satsa på turisttrafikk på Raumabanen og dei har hatt stor suksess med cruiseturistar som blir med på togtur. Turisttoget køyrer sakte forbi Trollveggen slik at passasjerane får tatt bilete, men NSB har tru på eit eige stopp, slik at folk kan gå ut av toget. Den gamle stasjonsbygninga Romsdalshorn vart flytta til Trollveggen i 2005, men er ikkje i bruk.

Førre veke var reiselivsnæringa i møte med NSB og Jernbaneverket for å diskutere det nye togtilbodet.

Politikarane bestemmer

– Det er ein del føresetnader som må på plass. Det er ikkje berre å sette i gong å stoppe på ein ny stad. Stoppet må inn i ruteplanen og då må fylkeskommune og politikarar også ha eit ord med i laget, seier Terje Fossum. Han er marknadsansvarleg for Dovre og Raumabanen i NSB.

Ein perrong må også planleggast og byggast. Dersom alle dei ordinære rutetoga skal stanse ved Trollveggen, i tillegg til turisttoga, vert det 12 stans dagleg på det meste.

Medan Helene Rødseth i Nordveggen trur at tilbodet kan kome på plass i 2016, er Fossum meir nøktern. Han trur det er meir realistisk at alt er på plass i 2017.

– Moglegheitene for å utvikle turisttrafikken endå meir er stor. Med Trollveggen på eine sida og Romsdalshorn på andre sida, slår vi to fluger i ein smekk, seier Fossum.

LES OGSÅ:

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL