Hopp til innhold

Tøffe kutt i Hjellegjerde

Hjellegjerde skal spare 70 millioner kroner i løpet av neste år.

Hjellegjerde
Foto: Frode Berg / NRK

Det opplyser administrerande direktør Olav Inge Røyset.

Selskapet vurderer å kutte flere ti-talls årsverk i Norge og det kan bli aktuelt å flytte verksemda i Stordal til Sykkylven.

I alt har Hjellegjerde 140 årsverk i Norge.

Røyset seier at også dei utlandske selskapa må ta sin del av nedskjeringane.

Dei tilsette vart informert om dette i går.

Den endelege avgjerda om kvar det skal kuttast er ikkje tatt enno, men i løpet av november satser leiinga på å ha konkrete tiltak på bordet.

Røyset opplyser at Hjellegjerde har lenge hatt for store kostnader og må ta grep for å tilpasse seg finansmarknaden.