Hopp til innhold

Tøffe forhandlingar ventar

Den nye fylkesleiaren i bondelaget førebur seg til årets jordbruksforhandlingar med staten. Oddvar Mikkelsen frå Surnadal er usikker på om det blir brot og konflikt eller ny jordbruksavtale med regjeringa.

Oddvar Mikkelsen

Oddvar Mikkelsen er nyvalt leiar i bondelaget i Møre og Romsdal.

Foto: Gunnar Sandvik/&NRK

Første arbeidsdag som fylkesleiar blei mellom anna brukt til eit møte med fylkesleiaren i Venstre. Men det nærmar seg altså jordbruksforhandlingar og Mikkelsen si oppgåve blir å legge fram synet til Møre og Romsdal for bondelaget sentralt.

Blanda erfaring

Oddvar Mikkelsen

Bondelaget og regjeringa er ikkje alltid like samde.

Foto: Roar Halten / NRK

Mikkelsen tør ikkje spå korleis det kjem til å gå i årets forhandlingar. Historia fortel at første forsøk med noverande regjering, og dåverande landbruksminister Sylvi Listhaug, førte til brot. Men i fjor blei dei avtale. I år er det Jon Georg Dale som er øvste forhandlingspart.

– Vanskeleg blir det garantert. Vi står på krava og viss regjeringa gjer det same er det ikkje godt å seie korleis det vil gå?

Han vedgår, ikkje overraskande, at bondelaget har eit anna syn på landbruket enn det regjeringa har. Difor håpar Mikkelsen på draghjelp frå andre parti på stortinget til å målbere deira syn.

Lokallagsleiar i Surnadal

Bondeaksjon Surnadal

Fylkesleiaren i bondelaget har som lokallagsleiar i Surnadal erfaring frå aksjonar.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Oddvar Mikkelsen er 41 år og mjølkebonde i samdrift på heimgarden ved Todalsfjorden i Surnadal. Som leiar av bondelaget i Surnadal har han erfaring frå aksjonar både i 2012 og 2014:

Mikkelsen meiner det skal vere plass til det landbruket som regjeringa ønskjer. Men samtidig må det vere rom for eit landbruk som er tilpassa geografien i til dømes Møre og Romsdal.

– Difor krev vi ein investeringspakke som skal tilgodesjå små- og mellomstore bruk.

Vilje til pengebruk

Mikkelsen viser spesielt til lausdriftkravet, der alle båsfjøs skal bli bygde om i løpet av åtte år. Dette kravet er møtt med skepsis i bondelaget i Møre og Romsdal, og den nyvalde leiaren seier ein investeringspakke eller ein mjukare overgang må vere løysinga.

Næringa han frontar har nedlegging og samanslåing av gardsbruk, men dette er ei utvikling som kan snu.

– Men då må det vere vilje til det. Samfunnet må bruke pengar på det, slik som på 70-talet då folk kasta skiftenøklane sine og bygde fjøs i staden.