Hopp til innhold

– Denne veka har eg sett meir til statsministeren enn kona

Etter nesten tre veker vart budsjettavtalen signert. For parlamentarisk leiar i Frp, Harald Nesvik, har det vore mykje arbeid og lite søvn.

Etter nesten tre veker vart budsjettavtalen i dag signert. For parlamentarisk leiar i Frp, Harald Nesvik, har det vore mykje arbeid og lite søvn.

Det er nesten så han ikkje klarer halde auga opne under intervjuet fredag ettermiddag. Etter hektiske dagar er Harald Nesvik heime i Ålesund for å vere saman med familien. I natt har han berre fått ein liten time med søvn og slik har det stort sett vore den siste tida når regjeringspartia og KrF og Venstre har forhandla om politiske hjartesaker.

– Dette går føre seg berre ein liten periode, så det går bra å vere søvnlaus, forsikrar Nesvik.

Har ikkje sett kona

Trond Helleland, Knut Arild Hareide, Trine Skei Grande og Harald Nesvik

Trond Helleland, Knut Arild Hareide, Trine Skei Grande og Harald Nesvik

Foto: Varfjell, Fredrik / NTB scanpix

Han medgir at det har vore ekstremt mykje arbeid for å få budsjettet i hamn. Forhandlingane starta i byrjinga av november og no er Nesvik glad for at det er over. Han er slett ikkje overraska over at det tok så lang tid. Ålesundaren har vore med på forhandlingane frå første dag. I byrjinga frå sidelinja og etter kvart på innsida då finanspolitikarane gav opp og dei parlamentariske leiarane tok over. Dei sit med heilt andre fullmakter.

– Eg må innrømme at denne veka har eg sett finansministeren og statsministeren meir enn kona, seier Nesvik.

– Frp er vinnar

Ingenting var avgjort då dei parlamentariske leiarane tok over forhandlingane og dermed vart det mykje arbeid som tok tid. Nesvik seier at dette er grunnen til at han vart politikar og synest arbeidet har vore veldig moro.

– At vi fekk landa budsjettet gjer at regjeringa har eit arbeidsdokument for det neste året. Hadde ikkje budsjettet kome i hamn, hadde vi ikkje hatt denne regjeringa på måndag, seier Nesvik.

Han meiner Framstegspartiet var ein av vinnarane og fekk gjennomslag for fleire viktige saker.

Tid med familien

Sjølv om han er heimkomen til Ålesund er det framleis ikkje tid til å slappe heilt av. I kveld skal han vere med sonen på eit skulearrangement og søndag skal han selje billettar til handballkamp i Fagerlihallen.

– Men i kveld skal eg legge meg tidleg og laurdag skal vi kose oss, smiler Nesvik.

De fire borgerlige partiene har etter lange forhandlinger blitt enige om en skisse til statsbudsjett.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL

Markering for samtykkelov utanfor Stortinget i Oslo.

Krev at ei samtykkelov kjem på plass no