Hopp til innhold

Tøffare for Egersund Herøy

Bedrifta Egersund Herøy si avdeling på Mjølstadneset i Herøy opplever ein stadig tøffare konkurranse. Dei neste 2-3 vekene skal dei levere utstyr til 27 havgåande fiskefartøy som no gjer seg klare til loddefiske ved Island.

Egersund Herøy

Bedrifta Egersund Herøy på Mjølstadneset har travle dagar.

Foto: Arne Flatin / NRK

I tillegg til loddefisket er det kolmulefiske vest av Irland og dei nyaste fartøya kan ta med seg utstyr til begge fiskeria. Blant desse er Smaragd som ligg ved kai denne flotte morgonen for å ta utstyret om bord.

Erling Remøy, skipper

Erling Remøy, skipper på Herøy

Foto: Arne Flatin / NRK

Fartøyet Herøy ligg i kø like bak og skal også få om bord loddenota. Alt utstyr til kolmulefisket derimot får dei ikkje med seg i denne runda, og må difor tilbake for å hente dette når loddefisket er avslutta.

Skipper Erling Remøy er ein erfaren mann i fiskeriyrket. Han er usikker på kor bra loddefisket vert denne gongen.

–Trua må vi ha, men kva som blir gjenstår å sjå. I fjor var det både og. Det var periodar det var brukbart dersom ein var der på den rette tida. Dette på Island har alltid vore variabelt. Nokre år har det vore bra med lodde, andre år mindre.

Remøy er svært fornøgd med at dei kan hente utstyret så nært. Egersund Herøy leverer til fartøy frå Måløy og nordover og for Herøy-flåten er det dermed heilt perfekt at leverandøren er plassert nettopp i Herøy. Egersund Herøy har hovudbase i Egersund, som har ansvaret for leveransar til fartøy frå Måløy og sørover.

Travle veker

Vidar Knotten, Egersund Herøy

Vidar Knotten er dagleg leiar ved Egersund Herøy på Mjølstadneset

Foto: Arne Flatin / NRK

Vidar Knotten er dagleg leiar for Egersund Herøy si avdeling på Mjølstadneset. Bedrifta er ein del av eit stort konsern som satsar på leveransar både til fiskeflåten og til oppdrettsnæringa. Verksemda i Herøy vart oppretta i 1999, og rundar dermed snart tjue år.

Knotten seier at konkurransen i marknaden har vorte tøffare dei siste åra, slik at dei må levere gode tenester for at dei skal halde på kundane.

Lokala er store, men dei treng plassen. Knotten ønsker også å utvide i breidda. I lengda er det ikkje meir å hente på området.

–Vi har landets lengste bøtehall og det er ein fordel. På kolmuletråling så er dei lengste mauskane 48 meter og bygget her er 122 meter langt.

Utstyret som skal om bord i fartøya no har vore klargjort sidan ifjor haust, og dei neste tre vekene vert det altså travle dagar for verksemda og dei 25 tilsette.

Smaragd tek om bord utstyr

Smaragd tek om bord utstyr på kaia ved Egersund Herøy tysdag morgon

Foto: Arne Flatin / NRK