NRK Meny
Normal

Tøff keeperkamp

Kampen om keepertrøya i Molde hardnar til.

Knut Dørum Lillebakk

Knut Dørum Lillebakk får sjansen i MFK-målet.

Foto: Arne Flatin / NRK

Knut Dørum Lillebakk, MFK-medlem sidan han var 4 år gammal, har tatt over førstelagsplassen. Dei tre siste kampane har han stått i MFK-buret.

Rivalen, Jan Kjell Larsen, har vore det klare førstevalet på keeperplassen til MFK dei siste sesongane- også i år. Men etter ein stor tabbe mot Vålerenga, og ei feilvurdering mot Tromsø har trenarane vald å gi Lillebakk sjansen.

Det er ikkje berre tabbane til Larsen, men like mykje godt spel av Lillebakk på andrelagskampar og på treningar som har ført til målvaktskiftet.

Odd Berg

Odd Berg likar at Lillebakk får sjansen.

Foto: Arne Flatin / NRK

Ein som synest det er ekstra triveleg at Lillebakk får sjansen er Odd Berg. heilt sidan Lillebakk var 10 år gammal og opp til senioralderen har Berg trent MFK-målvakta.- Odd Berg har betydd mykje for meg og lært meg mykje, seier Lillebakk til NRK.

Berg er opptatt av at det vert satsa på lokale spelarar som han sjøl er med på å utvikle i det daglege mellom anna som trenar for Molde sitt andrelag.

Hard kamp

Per Magne Misund

Per Magne Misund seier ingen vert sett ut på grunn av ein tabbe.

Foto: Arne Flatin / NRK

Keepertrenar Per Magne Misund hadde dagen etter kampen mot Odd Grenland ei ekstra hard treningsøkt med Jan Kjell Larsen på Lubbenes, treningsbana til Molde FK.

Larsen er innstilt på å kjempe for å få plassen tilbake. Misund seier til NRK at ingen skal setjast ut av laget baset på ein tabbe, men det er ei totalvurdering over tid som gjer at dei no vil gi Lillebakk sjansen.

Betre og betre

Lillebakk trur berre han vert betre og betre etter som han får spele fleire kampar. Dermed vert det ein beinhard kamp om keepertrøya i MFK.

Odd Berg seier at Lillebakk er ein god kampkeeper som er trygg og god i feltet. Det viste han ikkje minst i hektiske sluttminutt då sigeren over Odd Grenland vart sikra 2.pinsedag.- Han såg ut som ein med fleire landskampar, sa trenar Kjell Jonevret til NRK rett etter kampslutt.

Neste kamp for MFK er no borte mot Start 15.juni. Før det er det oppvisningskamp mot eit forsterka Eidsvåg IL 9.juni.