I Molde har politiet pågripe ein mann i 30-åra og sikta han for å ha valdteke ei 16 år gamal jente natt til 17. mai.
Mannen vart pågripen i går, og politiet avgjer i dag om dei skal be om varetektsfengsling av den sikta.
Og i Sula er ein 26 år gamal mann sikta for å ha valdteke ei 16 år gamal jente same natt.
I går vart mannen sett fri etter avhøyr, fordi politiet meiner det ikkje er fare for at bevis skal verte øydelagde.