Dei to polske turistane kom vekk frå oppmerkt rute mellom Gjevilvasshytta i Oppdal og Trollheimshytta i går kveld og melde sjølve frå til politiet.
Etter ein leiteaksjon blei dei altså funne like før klokka 2 i natt. Det var ein av dei tilsette på Trollheimshytta i Surnadal som fann dei langs stien, Det stadfestar operasjonsleiar Jan Helge Kjøl ved Nordmøre og Romsdal politidistrikt.
–Det var ein av dei tilsette der som gjekk dei i møte og som fann dei, seier Kjøl til NRK. Ho visste at dei kom frå Oppdalssida og gjekk ruta i mot dei og gjekk seg på dei.
Funne i god behald
Dei to var i god behald då dei blei funne og tatt med til Trollheimshytta.
–Dei var godt utstyrt og hadde godt med klede, soveposar og mat, så det var ikkje noko som stod på dei slik. Men dei mangla telt. Alt i alt hadde dei det bra, seier Kjøl.
Leitte i ulendt terreng
Dei to tok kontakt med politiet like før klokka 20 i går kveld, og i alt sju personar frå Røde Kors deltok i leitinga utover kvelden og natta. Dei to rakk akkurat å gi frå seg GPS-koordinatane for kvar dei var, før dei mista mobildekning.
- Les også:
Leitinga var vanskeleg, både fordi terrenget var ulendt terreng og fordi det tok lang tid for leitemannskap å ta seg inn til området der dei to var. I tillegg er mobildekninga i området svært dårleg.