Hopp til innhold

To turgåarar fast i fjellet

Røde Kors og eit redningshelikopter er sett inn for å berge turgåarar ned frå fjellet i Geiranger måndag kveld. To personar har gått seg fast i fjellet mellom Grinddalsnibba og Grinddalskupa i Stranda. Helikopter er på veg, og kjem til å laste om bord dei to personane klokka 21.45, opplyser operasjonsleiar Tor André Gram Franck ved Sunnmøre politidistrikt. Turgåarane er våte og kalde og har ingen mat. Politiet har hatt kontakt med turgåarane på telefon.