NRK Meny
Normal

To til sjukehus etter utforkøyring

To personar vart sendt til sjukehus etter ei utforkøyring på E-39 i Brusdalen i Ålesund tysdag kveld.

Bil av vegen.
Foto: Rune A. Hansen. / NRK

Ei kvinne på 60 år fekk alvorlege skadar, medan ein 26 år gamal mannleg passasjer vart lettare skadd.

Politiet fekk melding om ulukka like før klokka 18. Vegen var stengt i ein og ein halv time.

Ifølgje politiet var ikkje andre bilar innblanda i ulykka.