To til sjukehus etter slagsmål i Molde

To personar i slutten av tenåra blei frakta til sjukehus etter å ha blitt angripe på ein fest i Molde.

Politi illustrasjon

Ein person er så langt arrestert etter ein valdsepisode på Kleive i Molde natt til laurdag.

Foto: Kyrre Lien/Scanpix

Dei to blei så lagt inn ved Molde sjukehus, den eine med ein hovudskade og den andre med skadar på tenna.

Slåstkamp

Det var like før klokka eitt natt til søndag at politiet i Molde fekk melding om ei valdsepisode på ei fest på Kleive i Molde. Politiet blei først varsla om at ein person hadde blitt slått til. Mannen i slutten av tenåra skal ha falt som følgje av slaget.

Då politiet kom på staden viste det seg at også ein annan mann i slutten av tenåra hadde blitt angripen.

– Det er truleg snakk om fleire ungdomar som har gått til angrep på desse to, seier Leif E. Bergem-Ohr, operasjonsleiar i politiet på Nordmøre og i Romsdal.

Ein arrestert

Politiet arresterte seinare ein mann, også han i slutten av tenåra, i samband med saka.

– Han er sikta for kroppskrenking og vil bli avhøyrt på eit seinare tidspunkt, seier Bergem-Ohr.

Politiet antek likevel at det er fleire som er involvert i saka, og ønsker tips på 02800 dersom nokon har fleire opplysningar om hendinga.

– Saka vil bli etterforska, seier operasjonsleiaren.

Siste video/lyd

Ein fem år lang krangel etter rehabilitieringa av Freifjordtunnelen, hamnar no i forliksrådet. 
Statens vegvesen meiner ei svakheit i plastduken som ble laga, kan gi ekstrakostnader i hundremillionar-klassen.
Ålesund kommune har kome på kant med delar av kulturlivet i byen. Då det kom fram at mellom andre Matfestivalen ikkje lenger får halde til på sin tradisjonelle plass midt i sentrum - har mange års irritasjon kome til overflata.
Utdanninga for fagarbeidarane i maritim industri kan bli endra. Ei fersk masteroppgåve konkluderer blant anna med at ein må sjå på heile utdanningsløpet - og at haldninga til yrkesfaga må bli betre.