Hopp til innhold

To til sjukehus etter mogleg overdose

Natt til søndag blei to personar brakt til sjukehus for behandling etter mogleg overdose med eitt narkotisk stoff.

Illustrasjonsbilde politi i Ålesund på nattestid

ILLUSTRASJONSFOTO: To personar blei sendt til sjukehus etter ei mogleg overdose.

Foto: Lena Høyberg / NRK

Det opplyser Sunnmøre politidistrikt. Det skal vere snakk om ein mann i 30-åra og ei kvinne i 20-åra.

– Vi har tatt blodprøve av dei to og sendt desse til analyse. Vi håpar det kan gi svar på kva dei har fått i seg, seier operasjonsleiar Tor Andre Gram Franck til NRK.

Tilstanden til dei to var ukjent søndag morgon.

Fleire narkotiske stoff

Det var helsestellet som varsla politiet i halv fem tida natt til søndag, og dei rykka så ut til staden.

Dei to personane henta i ei leilegheit i Ålesund, og det var fleire personar til stades i leilegheita.

– Det var totalt fem andre personar i leilegheita på det tidspunktet, desse blei sjekka og dimittert, seier Franck.

Politiet har gjort beslag av det dei antar er fleire ulike typar narkotika frå leilegheita, men kan foreløpig ikkje slå fast kva slags stoff som har vore i bruk.

Mannen og kvinna skal vere kjenningar av politiet, og saka blir etterforska.